NRK Meny
Normal

Soldatar frå Senegal har gått inn i Gambia

Soldatar frå Senegal har gått inn i nabolandet Gambia, opplyser ein talsmann for hæren. Ein kolonne på minst 20 militære køyretøy er på veg til hovudstaden Banjul.

Adama Barrow settes inn som Gambias president, i Senegal.

VIDEO: Barrow innsett som president

Senegal grip inn for å støtte den nyvalde presidenten Adama Barrow, som vart teken i eid i den gambiske ambassaden i Dakar i Senegal i dag. Den sitjande presidenten Yahya Jammeh nektar å trekkje seg.

Det er ikkje meldt om kamphandlingar etter at dei senegalesiske soldatane har gått inn i Gambia. Frå hovudstaden Banjul blir det meldt at folk dansar i glede i gatene etter at Barrow vart teken i eid.

Nyheitsbyrået AFP melder at forsvarssjefen Ousman Sonkon er blant dei som feirar.

Må bli i leirane

Adama Barrow.

Adama Barrow vann presidentvalet i Gambia 1. desember, men forgjengaren nektar å gå av.

Foto: Seyllou / AFP

I den første talen sin som president, gav Barrow ordre til dei væpna styrkane i Gambia om å halde seg inne i leirane sine. Dei som ikkje gjer det, blir behandla som opprørarar, sa han.

Han bad også nabolanda, Den afrikanske unionen (AU) og Tryggingsrådet om å tvinge gjennom folkets vilje.

Det er truleg denne oppmodinga som gjer at Senegal har sendt soldatar inn i landet.

Tryggingsrådet i FN vedtok i kveld norsk tid ein resolusjon som støttar Den økonomiske organisasjonen for vestafrikanske statar (ECOWAS) sine forsøk på å få Yahya Jammeh til å trekkje seg. Også USA seier dei støttar den senegalesiske intervensjonen.

Gambias ambassade i Dakar i Senegal.

Adama Barrow vart innsett som president i Gambia under ein seremoni i den gambiske ambassaden i Dakar i Senegal.

Foto: Stringer / Reuters

Yahya Jammeh oppheld seg i presidentpalasset i hovudstaden Banjul, og han har ikkje kommentert meldinga om at Adama Barrow er innsett som president i ein seremoni i den gambiske ambassaden i nabolandet Senegal.

Fleire hundre menneske, mange av dei eksil-gambiarar, fylgde seremonien på storskjermar som var sette opp utanfor ambassaden. Alt gjekk også direkte på senegalesisk fjernsyn.

Sverre Tom Radøy om situasjonen i Gambia

VIDEO: Afrika-korrespondent Sverre Tom Radøy om krisa i Gambia

Folkefest i Banjul.

Folk dansar i gatene i Gambias hovudstad Banjul etter at Adama Barrow vart innsett som president.

Foto: Afolabi Sotunde / Reuters

Vann presidentvalet

Adama Barrow vann presidentvalet med 43,3 prosent av røystene, medan Yahya Jammeh fekk 39,6 prosent. Jammeh gratulerte først Barrow med sigeren, men seinare gjekk han ut på det statlege fjernsynet og sa at valet ikkje hadde gått rett føre seg, og at han ikkje kom til å gå av.

– Undersøkingane våre har vist at i enkelte tilfelle vart veljarane fortalde at opposisjonen alt hadde vunne, og dei gjekk derfor heim, sa han. Han la til at talet på valkort ikkje stemde med veljarmanntalet.

Seinare har Jammeh også sagt at utanlandske krefter stod bak valfusket i landet.

Jammeh kom til makta i eit kupp i 1994 og har styrt landet sidan.

Opposisjonen har retta skarp kritikk mot Jammeh i mange år. Det har vore ei utbreidd oppfatning at han har oppført som han eigde landet og har brukt statskassa som si private lommebok.

Kan gripe inn

Senegal, Nigeria og Ghana har sendt soldatar til grensa mot Gambia . Dei truar med å gripe inn militært om ikkje Yahya Jammeh trekkjer seg frivillig.

Al Hadji Yahya Jammeh, president i Gambia.

Al Hadji Yahya Jammeh nektar å gå av som president i Gambia.

Foto: © Carlos Garcia Rawlins / Reute / Reuters
Gambisk ambassade i Dakar.

Vakter utanfor den gambiske ambassaden i Dakar i Senegal i ettermiddag.

Foto: Stringer / Reuters

Forsvarssjefen i Gambia, Ousman Sonkon, har gjort det klart at han ikkje lenger tek ordrar frå Yahya Jammeh, og at han heller ikkje vil be soldatane sine gjere motstand om nabolanda sender inn soldatar.

– Eg er glad i soldatane mine. Eg kjem ikkje til å sende dei ut i ein idiotisk kamp, sa han i går.

Det er 1,9 millionar innbyggjarar i Gambia og det er uklart kor mange soldatar landet har. BBC melder at landet har 2500 under våpen, medan andre kjelder gir opp talet til så lågt som 900.

Turisme er den viktigaste næringsvegen i landet, men dei aller fleste utlendingane har reist frå landet på grunn av den usikre situasjonen.

Det norske utanriksdepartementet rår frå reiser til Gambia .

Saka blir oppdatert

Adama Barrow svoren inn som president.

Adama Barrow vart svoren inn som president i Gambia i ein seremoni i den gambiske ambassaden i Dakar i Senegal.

Foto: AP
Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt