Hopp til innhold

Solberg: – Utruleg stemningsfullt

PARIS (NRK): Statsminister Erna Solberg (H) er overvelda av den sterke stemninga og samhaldet ho var vitne til under markeringa mot ekstremisme i Paris søndag.

Erna Solberg i Paris etter terror

Statsminister Erna Solberg (H) var til stades under solidaritetsmarsjen i Paris søndag, i kjølvatnet av terroren. Markeringa gjorde sterkt inntrykk på Solberg.

Over éin millionar menneske var med i søndagens markering i Paris for å visa avsky mot terrorhandlingane, støtta opp om demokratiske verdiar og for å minnast offera i åtaka som rysta den franske hovudstaden denne veka.

Det viser tal frå arrangørane.

– Det var utruleg stemningsfullt. Det er sjølvsagt sorgfullt på grunn av bakgrunnen, men å møta responsen til folket, høyra dei som heng ut vindauga og ropar og applauderar, viser samhaldet og det er eit svært sterkt forsvar av ytringsfridom, seier den norske statsministeren Erna Solberg.

– Viktig og alvorleg dag

Solberg deltok i solidaritetsmarsjen saman med statsoverhovud frå mange land i fleire verdsdelar. Utanriksminister Børge Brende og generalsekretærane i høvesvis Nato og Europarådet, Jens Stoltenberg og Thorbjørn Jagland, var også til stades i folkehavet i Paris søndag.

I heile Frankrike tok om lag 3,7 millionar menneske til gatene søndag, i det som styresmaktene omtalar som den største markeringa i landet si historie.

– Dette er ein viktig dag og en alvorleg dag i Europa si historie, sa Solberg tidlegare søndag.

Totalt 17 menneske er drepne i terrorhandlingar i Paris denne veka. Tre av terroristane vart drepne under politiaksjonar fredag.

Skeptisk til strengare grensekontroll

Den fjerde som er etterlyst av fransk politi i samband med terroren, Hayat Boumedienne, skal ha reist til Tyrkia og vidare til Syria få dagar før terroren starta.

Som følgje av grusomheitene i den franske hovudstaden denne veka, tek europeiske justis- og innanriksministrar no til orde for ein strengare grensekontroll i EU og Schengen-området.

I ei felles fråsegn seier ministrane frå 12 EU-land at dei er samde om strengare grensekontrollar ved EU si yttergrense. Samstundes opnar dei for å endra reglane for rørslefridom i Schengen-avtalen, for enklare å kunne følgja med på reisande dei mistenkjer for terror-planlegging.

Solberg er skeptisk til ei slik innstramming.

– Ein litt sterkare grensekontroll er ein mogleg ting å diskutera, men ofte lagar me tiltak som ikkje nødvendigvis gir oss meir informasjon eller er meir treffsikre, påpeikar statsministeren.

– Eg trur at det viktigaste me gjer er god etterretning, godt politiarbeid og å følgja med på dei som kan utgjera ein fare, seier Solberg til NRK.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt