Hopp til innhold

Solberg: – Samarbeidet med Russland blir framleis krevjande

– Eg trur samarbeidet med Russland blir krevjande framover. Det sa statsminister Erna Solberg etter det ho omtalar som eit godt møte med den russiske presidenten tysdag. Det er det første toppmøtet mellom Noreg og Russland på fem år.

– Møtet handla i stor grad om forholdet mellom Noreg og Russland. Vi diskuterte næringssamarbeid, barentssamarbeid, arktisk samarbeid og folk til folk-samarbeidet i nord. Vi har eit godt samarbeid trass i usemje i fleire saker, sa Solberg.

– Det bør ikkje komme som ei overrasking det er usemje på ein del punkt, mellom anna om korleis norske og russiske frivillige organisasjonar skal få eit betre samarbeid. Det er ei viktig sak for oss. Men viljen til, og ønsket om eit godt samarbeid i Arktis er felles for alle landa som er her. Det strekkjer vi oss langt for å få til, sa utanriksminister Ine Eriksen Søreide etter møtet.

AFP_1FI057

Statsminister Erna Solberg helser på den russiske presidenten, Vladimir Putin på den arktiske konferansen i St. Petersburg.

Foto: OLGA MALTSEVA / AFP

– Utfordringar i samarbeidet

Solberg og Søreide er i St. Petersburg i samband med den internasjonale konferansen Arktisk forum.

Solberg og Vladimir Putin møttest først under sjølve konferansen. Seinare på dagen var det sett av tid til eit 40 minutt langt møte mellom dei to.

– Eg ser for meg at forholdet mellom Noreg og Russland framleis blir krevjande. Vi har jo gjensidige sanksjonar mot kvarandre. Men det er likevel stort rom for samarbeid, blant anna om fiskeri, miljø og søk og redning. Russland gjer ein stor innsats med å flytte atomavfall lenger unna norskegrensa. Det set vi pris på, sa Solberg.

Ho la til at det no, i etterkant av dette møtet, er naturleg å sjå på om det også er andre område der Noreg og Russland kan få eit sterkare samarbeid framover.

Erna Solberg i møte med Vladimir Putin i St.Petersburg

Statsminister Erna Solberg i møte med den russiske presidenten, Vladimir Putin i samband med konferansen Arktisk forum i St. Petersburg.

Foto: Jan Espen Kruse / NRK

Første gong sidan 2014

Det er første gong sidan Russland annekterte Krim i 2014 at den norske statsministeren har fått ein invitasjon frå russisk side til å møte presidenten.

Etter at Russland tok kontroll over Krim, innførte vestlege land, inkludert Noreg, fleire straffetiltak mot Russland. Dette førte til eit kjølig forhold mellom Noreg og nabolandet i nord.

Leiaren for Barentssekretariatet, Lars Georg Fordal, sa før møtet at han trur det kan bli eit vendepunkt i storpolitikken mellom Russland og Norden.

SISTE NYTT

Siste nytt