Solberg lanserer ny FN-kommisjon for å finne pengar til utdanning

Erna Solberg lanserer i dag ein ny FN-kommisjon som skal jobbe med å skaffe pengar til utdanning for alle. FN-sjef Ban Ki-moon ønskjer initativet velkommen.

Erna Solberg Ban Ki-moon

Ban Ki-moon støtter den norske regjeringa sitt initativ til ein ny FN-kommisjon. Her er han saman med Erna Solberg utanfor statsministerbustaden i dag tidleg.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

– 59 millionar barn går ikkje på skule. Ein kvart milliard barn på fjerdeklassenivå meistrar ikkje å lese og skrive ordentleg. Det er difor ikkje nok å gjere meir av det same. Det må nye og innovative løysningar til for at barn i alle land skal få kvalitetsutdanning, seier statsminister Erna Solberg i ei pressemelding.

Målet med kommisjonen er å skaffe pengar slik at land som ikkje kan finansiere ei ordentleg utdanning får hjelp, og slik at barn i konfliktområde får tilgang på skule sjølv om liva deira er snudde på hovudet.

UNESCO meiner at prislappen på grunnutdanning med god kvalitet vil vere på 22 milliardar kroner årleg fram mot 2030.

– Me treng meir middel og betre kvalitet i utdanninga. Me må ta i bruk ny teknologi og samarbeide med privat sektor. Kommisjonen skal ta tak i desse utfordringane og kome med anbefalingar til korleis me kan løyse dette, seier Solberg.

Leiar for kommisjonen vert FNs spesialutsending for global utdanning, Gordon Brown, og Solberg har fått med seg presidentane i Indonesia, Malawi og Chile på initiativet.

Kommisjonen skal ha medlem frå både givarland, utviklingsland, organisasjonar, privat sektor og ulike forskingsmiljø, står det i pressemeldinga. Kommisjonens anbefalingar skal vere klare i løpet av hausten 2016.

Den norske regjeringa arrangerer i dag eit høgnivåmøte i Oslo der utdanning for alle er tema. Fredsprisvinnar Malala, FN-sjef Ban Ki-Moon og fleire statsleiarar er blant dei som er til stades.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt