NRK Meny
Normal

Solberg diskuterte brexit og Trump med fransk kollega

Statsminister Erna Solberg seier at ho og hennar franske kollega Bernard Cazeneuve er uroa over dei signala USAs president Donald Trump har sendt ut gjennom det nye innreiseforbodet.

Intervju med Erna Solberg (Fra Paris)

VIDEO: Brexit og Trump var tema då Erna Solberg møtte Bernard Cazeneuve i Paris.

Erna Solberg møtte Bernard Cazeneuve i Paris i dag, og i tillegg til Donald Trump og hans innreiseforbod diskuterte dei også brexit og det norske forholdet til EU og den indre marknaden.

– Ein ting er våre eigne borgarar med doble statsborgarskap, men også kva signal dette sender ut til dei landa vi samarbeider med mot terror. Det er viktig at vi blir opplevde som inkluderande, og at dei verdiane vi sjølve seier vi står for skal gjelde for alle borgarane i landa våre, same kvar dei eller foreldra deira kjem frå opphavleg, sa Erna Solberg til NRK like etter møtet.

Erna Solberg og Bernard Cazenueve.

Erna Solberg og Bernard Cazenueve diskuterte viktige internasjonale spørsmål i Paris i dag.

Foto: Thibault Camus / AP

Norsk syn på brexit

Ho fortalde også at den franske statsministeren hadde invitert henne for å høyre det norske synet på blant anna brexit.

– Vi ynskjer å vere tydelege på at Noreg er ein del av den indre marknaden, sjølv om vi ikkje er med i EU. Så vi må få lagt fram synspunkta våre på det, og på andre saker som pregar Europas utvikling. og den internasjonale uroa, la ho til.

Erna Solberg driv eit aktivt brexit-diplomati. Sist veke tok ho mot EUs forhandlingsleiar i Oslo, i dag var ho i Paris og i morgon reiser ho vidare til Malta.

– Dette er ei viktig sak for Noreg. Dei to neste åra vil ikkje berre avgjere Storbritannias forhold til EU, men også for det norske samarbeidet med landet. Vi kan få den same avtalen med Storbritannia som EU, men vi kan også ende opp med ein bilateral avtale. I ein slik prosess er det viktig at EØS-avtalen ikkje blir svekt, sa Erna Solberg i intervjuet.

Personer med dobbelt statsborgerskap kan slippe inn i USA

Norsk Industri: – Brexit og Trump gir større usikkerhet enn på flere tiår

– Avhengige av EØS-avtalen

Ho har inntrykk av at det er stor forståing i EUs medlemsland for at Noreg, Island og Liechtenstein er i ein spesiell situasjon, og ikkje normale tredjepartar, nettopp fordi vi er ein del av den indre marknaden i EU.

– Dei forstår posisjonen vår, at vi treng å vere med i prosessen. Vi er ikkje eit utanforståande land. Arbeidsplassane våre er avhengige av EØS-avtalen og at den indre marknaden fungerer, sa statsministeren.

Brochmann 2-rapporten: Hvordan blir våre verdier utfordret av innvandring?

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt