Hopp til innhold

Snowden vil vitna for Merkel

Varslaren Edward Snowden er villig til å vitna dersom tyske styresmakter går til sak mot amerikansk etterretning for avlytting av forbundskanslar Angela Merkel.

Det seier det tysk parlamentsmedlemmet Hans-Christian Ströbele til nyheitsbyrået Reuters etter å ha møtt Snowden i den russiske hovudstaden Moskva torsdag.

– Han gav uttrykk for at han ønskjer å bidra til å oppklara situasjonen. Me må finna eit utgangspunkt for å få det til. Det har me i dag diskutert lenge og frå alle synsvinklar, seier Stroebele, som er representant for opposisjonspartiet Dei Grøne i Tyskland, til den statlege tyske fjernsynskanalen ARD.

(Artikkelen held fram under biletet)

Laster Twitter-innhold

Snowden skal under møtet med den tyske politikaren ha overlevert eit brev adressert til regjeringa og til den tyske statsadvokaten, og understreka at «han sit på mykje informasjon».

Ströbele varslar at han vil fredag gå ut med fleire opplysningar frå møtet mellom dei to.

Forbundskanslar Merkel sende denne veka etterretnings- og utanriksrådgjevarane sine til Washington med krav om klare svar frå amerikanske styresmakter på skudingane om avlytting og overvaking.

USA-skepsis etter avsløringar

Snowden har tidlegare jobba for den amerikanske etterretninga NSA, og står bak fleire lekkasjar av graderte dokument til media.

Tyskland er ikkje det einaste landet som har fått eit kjølegare forhold til USA den siste tida. Nyleg avslørte avisa The Guardian at USA skal ha overvaka telefonane til 35 ikkje-namngjevne statsleiarar over heile verda. Informasjonen kjem frå hemmelege dokument dei har fått overlevert frå Snowden.

Snowden (30) fekk i sommar innvilga eitt års mellombels asyl i Russland etter å ha flykta frå heimlandet sitt.

USA har sikta IT-konsulenten for spionasje og tjuveri av statlege løyndomar. Krav om utlevering har så langt blitt avvist av den russiske presidenten Vladimir Putin.

SISTE NYTT

Siste nytt