Hopp til innhold

Snørekord på austkysten i USA

Fem menneske har mista livet i ein av dei verste snøstormane på mange år. Dei fleste har omkome i trafikkulykker, melder BBC.

Snøkaos i New York

To taxiar står fast i snøen ved ein bensinstasjon i New York tidleg sundag morgon.

Foto: Mike Adamucci

Det er få teikn til globaloppvarming i på den amerikanske austkysten dagen etter at klimatoppmøtet i København blei avslutta. Sidan Barack Obama returnerte frå møtet, er det sett ny snørekord.

Det er erklært unntakstilstand i delstatane Philadelphia, Washington, Virginia, West Virginia og Kentucky. Meteorologene varslar at stormen kjem til å bli verre.

LES: - Verste snøvær siden 2003

Enorme konsekvensar

Washington DC er eit av områda som er hardast ramma. Snøveret er det kraftigaste som er målt nokosinne på flyplassane i byen.

- Flyplassane er stengt, vegar er stengt, butikkane er stengt, folk hamstrar og nasjonalgarden er kalla ut for å passe på fleire stader. Dette får enorme konsekvensar for juletrafikken, fortel NRK-korespondent Tove Bjørgaas.

Snøkaos i Washington

Meir enn 200 deltakarar deltok i snøballkrig i Washington laurdag.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / Scanpix/AP

Det har kome mellom 50 og 60 centimeter snø sidan i går. Den amerikanske austkysten kjem truleg til å få 80 centimeter snø før uveret gir seg. Det passar dårleg for amerikanarane som er inne i den mest intense julehandelen.

DVD-Jon sit fast

Fleire norske kjendisar er ramma av uveret, og uttrykkjer frustrasjon gjennom mikrobloggingstenesta Twitter.

- Her sitt vi saman med tusenar av andre og ser på snøveret i New York. Det er julestemning. Berre synd det er på John F Kennedy flyplass og at flya snør ned, skriv Petter Stordalen.

- Vi står fast på rullebanen på JFK, og har allereie fjerna is frå flyet to gonger, skriv DVD-Jon.

Held seg heime

Ifølgje vermeldinga skal det vere kaldt i nesten ei heil veke. Deretter skal det regne og fryse til igjen.

- Systemet for kollektivtransport er dårleg utbygd i USA, og no har ikkje folk noko anna val enn å halde seg i nærområdet, seier Bjørgaas.

Snøkaos i USA, Centerville, Virginia

Ein bileigar grev fram bilen etter det rekordstore snøfallet.

Foto: Paul J. Richards / Scanpix/AFP

Dei fleste held seg innandørs, og det er svært få bilar på vegane. Ingen brukar vinterdekk, og på slikt føre kan det lett gå gale.

Ille også i Europa

På den franske sørkysten har fleire av hovudvegane vore stengt i helga, og det har oppstått kaos og lange køar.

SJÅ BILETE: Snø på stranda i Nice

Veret har ført til ei rekkje flyforseinkingar rundt omkring i heile Europa. I løpet av dagen ligg an til nye store nedbørsmengder i nordvestlege delar av Europa.

Også i Noreg har snøfallet det siste døgnet har ført til store problem for vegtrafikken, spesielt på Vestlandet.

LES: Snøkaos på vei, skinner og i lufta

SISTE NYTT

Siste nytt