Hopp til innhold

Snøen skaper europeisk julekaos

Kraftig snøfall førde til kaotiske tilstandar på Charles de Gaulle-flyplassen i Paris i dag. Det var ei stund frykt for at eit tak skulle kollapse.

Evakuerte Charles de Gaulle-flyplassen

Rundt 2000 menneske vart evakuerte frå ein terminal på Charles de Gaulle-flyplassen i dag

Foto: STRINGER/FRANCE / Reuters

Frankrikes transportminister Nathalie Kosciusko-Morizet.

Frankrikes transportminister Nathalie Kosciusko-Morizet trur kaoset kan vare til godt ut på morgondagen.

Foto: ERIC FEFERBERG / Afp

Det same taket kollapsa i dels kort tid etter at denne terminalen opna i 2004, opplyser ei kjelde ved flyplassen til det franske nyheitsbyrået AFP. Fire menneske omkom og seks vart skadde i denne ulukka 23. mai 2004.

Rundt 2000 menneske vart evakuerte frå ein av terminalane etter at det vart målt rundt 60 centimeter med snø på taket, melder nyheitsbyrået AFP. Det var venta at taket ville vere ferdig rydda i løpet av ettermiddagen.

Ein talsperson for flyplassen seier at det ikkje var snakk om ei evakuering.

LES OGSÅ: Tusenvis strandet i Paris

60 centimeter snø

60 centimeter med snø er store mengder på desse kantar. Over 400 flygingar frå Charles de Gaulle-flyplassen er kansellerte på julaftan og rundt 60.000 passasjerar er påverka av kaoset.

I heile Europa kan over 100.000 passasjerar vere ramma av det uvanleg snørike vinterveret.

Snøkaos på Charles de Gaulle-flyplassen i Paris.

Snøkaoset på Charles de Gaulle-flyplassen held fram.

Foto: Jacques Brinon / Ap

Mykje av problema skuldast mangel på avisingsvæske. Det har vore streik på den største produsenten av slik væske i Frankrike, og det har vore store problem med å få tak i nok.

Eit lastefly fullasta med glykol kom til flyplassen frå USA i dag tidleg, og fleire tankvogner med avisingsvæske er på veg frå Tyskland.

Frankrikes transportminister Nathalie Kosciuku-Morizet fryktar at problema på den største flyplassen i Paris kan vare til godt ut over morgondagen.

- Skuldar på kvarandre

- Dette er heilt uakseptabelt, seier 29 år gamle Zakaria Talhoui, som ventar på å kome av garde til Casablanca i Marokko og til broren sitt bryllaup.

- Alle skuldar på kvarandre. Flyselskapa skuldar på flyplassen og flyplassen n leg skulda på flyselskapa, seier den gråtande og gravide kona hans, Malika.

Lite positiv lesing på informasjonstavla på Charles de Gaulle.

Enorme forseinkingar på Charles de Gaulle-flyplassen.

Foto: STRINGER/FRANCE / Reuters

Mange førebur seg no på å tilbringe julenatta på flyplassen, i håp om at dei kan kome seg vidare i morgon.

Snøen har skapt store problem også for togtrafikken i Frankrike, og det er kaotiske tilstandar i transportsektoren også i nabolanda Belgia og Luxenbourg og Tyskland. Det er store togforseinkingar over heile Belgia.

Snøen har også skapt store problem i Danmark, og spesielt er øya Bornholm i Austersjøen hardt ramma. Det er ikkje mogleg å kome seg til og frå øya, og politiet har bede folk om å halde seg innandørs.

Kaos i Belgia og Tyskland

På hovudflyplassen Charleroi i Brussel måtte fleire hundre passasjerar overnatte på flyplassen fordi avgangane deira var forseinka. I Düsseldorf i Tyskland måtte flyplassen stengje i dag tidleg på grunn av snø, men det er venta at han vil opne igjen i løpet av ettermiddagen.

Togsambandet mellom Hannover og Berlin vart stengt i morgontimane i natt.

Salting av gater i Brussel i Belgia.

Store mannskapar frå kommunen saltar vegar i Brussel.

Foto: FILIP CLAUS / Afp
Snøkaos på Charles de Gaulle-flyplassen i Paris.

60 centimeter med snø har skapt store problem med Charles de Gaulle-flyplassen i Paris.

Foto: Jacques Brinon / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt