Kva er det med smøret i Canada?

Det er noko som ikkje stemmer med smøret i Canada. Det handlar ikkje som smaken. Men folk klagar på at det er altfor hardt.

bY4XsogIzok

Smøret er hardt. Får kanadiske kyr feil fôr?

Foto: CHRISTINNE MUSCHI / Reuters

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Hardt smør er blitt eit heitt tema i Canada. Problemet er at smøret ikkje blir mjukt i romtemperatur.

Det blir kalla «buttergate». Engasjementet er enormt. Folk spør seg: Kva er årsaka?

Matekspertar meiner det kan skuldast meir palmeolje i fôret. Smørprodusentane er usamde, men har sett ned ei ekspertgruppe som skal finne svar.

Framleis er det heile eit stort mysterium. For det er ikkje nytt at bøndene bruker palmeolje. Så korfor skjer dette no?

Teoriane er mange. Ingen ser ut til ha fasiten. Både vanlege smørbrukarar og ekspertar har tatt ordet i debatten.

9l_V-L6zFxg

Mjølkekyr på ein gard i Saint-Valerien-de-Milton i Canada. Her får dei gras, men kanadiske kyr får også kraftfôr som er blanda med palmeolje.

Foto: Christinne Muschi / Reuters

Starta på Twitter

Det heile starta i februar med eit spørsmål på Twitter frå kokebokforfattar Julie Van Rosendaal: «Det er noko som ikkje stemmer med smørforsyninga, og dette skal eg finne ut av. Har de lagt merke til at det ikkje lenger blir mjukt i romtemperatur?»

Laster Twitter-innhold

Hundrevis av «heimekokkar» reagerte med å fortelje om akkurat dei same problema.

For eit par veker sidan skreiv Van Rosendaal i eit innlegg i Globe and Mail at årsaka delvis kan liggje i vi bakar meir under koronapandemien, og dermed bruker meir smør. Og at bøndene blandar inn meir palmeolje i kraftfôret for å auke produksjonen.

Og det er ingen tvil om at etterspurnaden etter smør har auka under pandemien. Samtidig som fleire kanadiarar har halde seg heime, har salet av smør gått i vêret. Auken var på 12 prosent i 2020, ifølgje Dairy Farmers of Canada.

BBC skriv at bønder over heile landet, sidan i fjor sommar, har auka bruken av palmeolje i kufôret for å få opp produksjonen og å auke feittprosenten i mjølka.

h1a6b6QYrLM

Hardt smør har ført til debatt om kufôr i Canada.

Foto: Cole Burston / AFP

– Finst ikkje bevis

Palmeolje er ein vegetabilsk olje som inneheld forholdsvis mykje metta feitt.

Ekspertar innan landbruket seier at smør frå kyr som er fôra på palmeolje, har eit høgare smeltepunkt, og derfor kan vere vanskelegare å smørje på brødskiva i romtemperatur.

Som smøret, har også debatten hardna til.

«Det finst ikkje bevis», skriv professor Stephen LeBlanc.

Professorane Martin Scanlon og Rick Holley meiner at «teorien er tynn».

Sylvain Charlebois er professor ved Dalhousie University's Agri-Food Analytics Lab, og skriv i eit debattinnlegg at «buttergate» slett ikkje er det som industrien treng no, eller som kanadiarane fortener.

Charlebois meiner det ikkje er tvil om at smøret er blitt hardare.

Laster Twitter-innhold

Ber produsentane ta ansvar

Og han understrekar at palmeolje er eit heilt lovleg produkt å bruke i dyrefôr. Men Charlebois viser også til forskingsrapportar som tyder på at palmeolje kan auke risikoen for hjartesjukdommar.

Produksjonen er også skadeleg for miljøet, skriv han, og meiner derfor praksisen med bruk av palmeolje er «etisk tvilsam».

«La oss håpe meieriindustrien kan reinse seg sjølv før den moralske kontrakten med det kanadiske folk blir permanent øydelagd», avsluttar han.

Smørprodusentane forsvarar seg med å vise til at palmeolje tilfører kyrne viktig energi, og at det ikkje er påvist uheldige effektar av vanlege fôrrasjonar til kyr. Dei viser til at også andre land, som Storbritannia og USA, bruker palmeolje i fôr.

Men Dairy Processors Association (DPA) har likevel sett ned ei ekspertgruppe som skal finne ut av mysteriet. Dei ber mjølkebøndene slutte å bruke palmeolje fram til undersøkinga er ferdig.

– Dette er eit tiltak for å sikre at forbrukarane framleis skal ha tillit til kanadiske meieriprodukt, seier styremedlem i DFA, Gordon MacBeath til CBC News.

Debatt om bruken av palmeolje

Palmeolje er den mest brukte vegetabilske oljen i verda. I fjor låg forbruket på rundt 75 millionar tonn. Malaysia og Indonesia er dei største eksportørane av palmeolje.

Rå palmeolje bearbeides

Ein arbeidar på ein plantasje i Langkat i Indonesia behandlar rå palmeolje.

Foto: STRINGER/INDONESIA / Reuters

Fleire stader er regnskogen blitt hogd ned for å gi plass til palmeoljeplantasjar. Miljøorganisasjonar har oppfordra til boikott av produkt som inneheld palmeolje.

Men det er altså langt frå sikkert at det harde smøret i Canada har noko som helst med palmeolje å gjere. Men at smøret er hardt, ser ut til å vere eit faktum dei fleste stiller seg bak.

Og bruken av palmeolje er blitt eit større debatt-tema enn på lenge.

Det har også vore eit tema her i landet. I 2014 fortalde NRK at kraftfôret til norske kyr var tilsett palmeolje. Dette vekte sterke reaksjonar, og krav om forbod.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 10.04.2021
4 845
Smittede siste 7 dager
280
Innlagte
684
Døde
835 970
Vaksinerte

SISTE NYTT

Siste nytt

Britene hedrer prins Philip

Kanoner over hele Storbritannia blir avfyrt lørdag i en hyllest til avdøde prins Philip. Det er også planlagt markeringer med ett minutts stillhet.

Vulkanutbrudd på karibiske St. Vincent – 16.000 bedt om å evakuere

En vulkan på øya St. Vincent i Karibia har sitt første utbrudd på 40 år. Utbruddet startet fredag.