Hopp til innhold

Smeltande isbre fekk elv til å forsvinne på fire dagar

Den mektige Slims-elva i Canada blei plutseleg forvandla til ein liten bekk. Vatnet frå ein svær isbre blei, nærast over natta, «omdirigert» frå ei elv til ei anna. Forskarane skuldar på global oppvarming.

Kaskawulsh Glacier

Dette biletet frå september 2016 viser korleis smeltevatn frå isbreen Kaskawulsh (til venstre) no leier vatnet frå ei elv og over i ei anna.

Foto: Dan Shugar / University of Washington Tacoma

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Alt skjedde i løpet av berre fire dagar i mai i fjor. Den enorme elva som rann frå ein av dei største isbreane i Canada, endra kurs, brått og uventa. Det er første gong forskarar har observert dette fenomenet – at vatnet i ei stor elv plutseleg hamnar i eit anna elveløp. Forskarane ser det som eit eksempel på korleis global oppvarming på ein dramatisk måte kan endre geografien.

I hundrevis av år har Slims-elva ført smeltevatnet nordover frå Kaskawulsh-breen, og vidare vestover til Beringhavet. Men våren 2016, i ein periode med intens smelting av breen, blei vatnet «omdirigert» til eit anna elveløp. No renn vatnet frå breen ut i Alaskabukta i staden.

River Piracy

Store isblokker har falle ut frå brefronten. Vatnet frå Kaskawulsh-breen hamnar no i Alaskabukta i staden for i Beringhavet. Biletet er frå 2016, då forskarar jobba i området.

Foto: Jim Best / AP

– Dramatisk landskapsendring

Eit team av forskarar har dokumentert det som skjedde. Under feltarbeid i fjor blei dei møtt av eit landskap som var radikalt forandra.

– Vi drog til området for å halde fram med målingane våre ved Slims-elva. Men elva var meir eller mindre tørr, fortel geolog James Best ved Universitetet i Illinois til The Guardian.

– Vi blei vitne til ei utruleg dramatisk landskapsendring, seier han.

Teamet flaug med helikopter over breen og brukte dronar for å undersøkje kva som var staus i nabodalen, som er mindre tilgjengeleg.

– Vi kunne konstatere at alt vatnet kom ut frå fronten av breen, og i staden for å bli delt i to elveløp, rann vatnet samla i eitt, fortel Best.

Laster Twitter-innhold

Forvandling på fire dagar

Mens Slims-elva var blitt redusert til ein liten bekk, hadde det motsette skjedd med den sørgåande Alsek-elva. Året før var dei to elvane om lag like store. No var Alsek rundt 60–70 gonger større enn Slims, ifølgje målingar som forskarane gjorde.

Målingane viser også kor raskt endringane hadde skjedd. Vassmengda i Slims-elva stupte brått i perioden 26. til 29. mai 2016.

Geologar har tidlegare funne bevis for tilsvarande endringar i fjern fortid. Og dei har gjerne gått over hundrevis av år.

– Etter det vi veit, har ingen observert dette i nyare tid, seier Dan Shugar ved Universitetet Washington-Tacoma. – No skjer det altså i det 21. hundreåret, rett framfor augo våre - og i løpet av berre nokre dagar.

Ifølgje rapporten, som er publisert i Nature Geoscience, kan dei dramatiske endringane nesten heilt sikkert tilskrivast menneskeskapte klimaendringar. Berekningar som forskarane har gjort, viser at det er 0,5 prosent sjanse for at noko slikt kan skje som følgje av naturlege variasjonar.

– Derfor er det 99,5 % sikkert at det skjedde på grunn av oppvarming i den industrielle tidsalderen, seier James Best.

SISTE NYTT

Siste nytt