Hopp til innhold

– Utruleg at dei overlevde

Eit småfly blei delt i to då det krasjlanda i eit travelt vegkryss i Vancouver, Canada torsdag. 11 personar er skadde.

Video Fly delt i to under krasjlanding i Vancouver

Eit småfly blei delt i to under ei krasjlanding i Richmond, British Colombia.

Eit tomotors turbopropellfly fekk trøbbel kort tid etter at det tok av frå Vancouver internasjonale flyplass i Richmond torsdag.

Totalt 11 personar vart skadde i ulukka. Ni av dei var passasjerar om bord i flyet. To andre sat i ein bil som blei råka av flyet då det brasa mot bakken.

Augevitne fortel at flyet knekte i to i den kraftige samanstøyten.

– Snitra lyktestolpe

Småflyet av typen «Beech King Air 100» var operert av flyselskapet Northern Thunderbird. Det var på veg mot Kelowna, men rapporterte om problem liket etter avgang.

Flyet snudde og var klarert for landing, men kom truleg borti ein lyktestolpe før det skifta retning, buldra ned i eit vegkryss og tok fyr.

For to av mannskapet om bord på flyet er tilstanden kritisk. Dei ni andre er alvorleg skadde.

(Saka held fram under biletet)

CANADA/ Emergency personnel

Ambulansefolk, brannvesen og politi undersøkjer flyvraket.

Foto: BEN NELMS / Reuters

– Utruleg at dei overlevde

– Det er utruleg at dei kom frå ulukka i live, seier Terry McBratney som var på staden då flyet krasja.

Han fortel også at det berre var flaks at ikkje fleire menneske vart råka av ulukka, ettersom det var ein liten pause i trafikken.

– Dersom flyet hadda landa 30 sekund seinare, ville det ha gått utover ein heil kø med bilar, seier McBratney til nettavisa Vancouver Sun.

Ulukkesflyet blei bygd i 1970. Beechkraft King Air 100 er kjend for å vera ein sikker flytype.

– Flyet står ikkje på overvakingslista, seier Bill Yearwood, den regionale leiaren for flytryggleik i det føderale luftfartsverket, til Vancouver Sun.

Ulukka vil no bli granska for å finna ut kvifor flyet krasja.

SISTE NYTT

Siste nytt