Hopp til innhold

Småby evakuert etter togeksplosjon

Ein amerikansk småby i delstaten Illinois er evakuert etter ein kraftig togeksplosjon.

Derailment Fire Illinois

Flammane frå det avspora toget var synlege frå lang avstand, fortel augevitne i Illinois.

Foto: Ap

Toget skal ha spora av med 112 tankvogner fullasta med etanol.

26 av dei totalt 131 vognene til fraktetoget, fleire lasta med etanol, spora av ved byen Tiskilwa, 160 km vest for Chicago, ifølgje nyheitsbyrået Ap.

Evakuerte heile byen

Minst seks av tankvognene skal stå i brann. Samtlege av dei kring 800 innbyggjarane er evakuerte grunna kraftige flammar og giftig røyk.

– Evakueringa var eit berre eit førebyggjande tryggingstiltak. Etanol-gassen kjem til å brenna ut utan at det vil få nokon langtids-konsekvensar for innbyggjarane, opplyser talsperson Les Grant i det lokale krisehandteringsorganet til Ap.

Det er førebels ikkje registrert personskadar. Brannvesenet skal rundt kl.18 ha fått kontroll over brannen.

SISTE NYTT

Siste nytt