Hopp til innhold

Små sprekkar funne i tre nye fly

Tre nye Southwest Airlines-fly er tekne ut av drift etter at det er funne sprekkar i flyskroga.

Southwest Flight Diverted

Havarikommisjonen i USA inspiserer flyet som fredag måtte naudlanda på grunn av eit stort hol i skroget. No er det funne sprekkar i ytterlegare tre fly av same typen.

Foto: Craig Fry / Ap

Southwest Flight Diverted

Flyet som var på veg frå Phoenix til Sacramento i California måtte naudlanda på ein militærbase i Yuma i Arizona.

Foto: Brenda Reese / Ap
Southwest Flight Diverted

Passasjerar New York Times har snakka med seier dei høyrde eit skotaktig smell då skroget plutseleg rivna.

Foto: Christine Ziegler / Ap

Under grundige inspeksjonar har ingeniørar oppdaga revnar i overlappingsskøytane på fleire av Southwest Airlines-fly, opplyser USA sin havarikommisjon (NTSB) i ei pressemelding.

Fredag førre veke måtte eitt av flyselskapet sine Boeing 737-fly naudlanda med 118 passasjerar om bord på grunn av eit stort hol i taket. Dei skrekkslagne passasjerane oppdaga undervegs på flyturen eit 60-120 centimeter stort, ope hol i skroget.

– Eg kunne sjå blå himmel, kablar og røyr. Det var forferdeleg skremmande, sa Debbie Downie til CNN etter den rystande opplevinga.

Rift i tre nye flykroppar

Det amerikanske flyselskapet Southwest Airlines sette umiddelbart 79 fly på bakken for å finna årsaka til at flyet plutseleg rivna. Det førte til 600 kanselleringar i løpet av helga.

Etter å ha inspisert 22 av dei 79 flya som er tekne ut av drift, er det funne sprekkar i overflata på tre nye fly. Selskapet reknar med å ha fullført kontrollen med alle flya innan tysdag kveld.

I tillegg er delar av flyet involvert i nestenulukka fredag sende til havarikommisjonen sitt hovudkvarter i Washington for ein grundig analyse.

– Det som skjedde med Flight 812 var eit nytt og ukjent problem, seier visepresidenten i flyselskapet, Mike Van de Ven.

Norwegian har inspisert flåten

Det finst i alt 931 eksemplar av flytypen Boeing 737-300 på verdsbasis. 288 av dei er stasjonerte i USA.

I Skandinavia er Norwegian blant dei flyselskapa som har flest Boeing 737-300, med 10-12 maskinar i flåten sin.

– Teknisk personell har inspisert alle dei aktuelle flya i Norwegian sin flåte, utan å finna indikasjonar på feil, seier kommunikasjonsdirektør i selskapet, Anne-Sissel Skånvik.

Ho påpeiker at dei vil gjera nye undersøkingar dersom flyfabrikanten eller Southwest Airlines oppdagar fleire feil med modellen.

SAS har ingen Boeing 737-300-fly i flåten sin.