Hopp til innhold

– Ikkje råd til å bygge opp att husa våre

Slumbebuarane i Myanmar som fekk husa sine rivne og rydda bort då kong Harald kom på besøk, har no starta å bygge opp att heimane sine. Men fleire slit med å finne pengar nok til oppbyggingsarbeidet.

Tvangflyttet før kongelig besøk

Det vart gjort store endringar langs elvebreidda før kong Harald og dronning Sonja kom til Gaw Wein-hamna i Mandalay.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Tvangflyttet før kongelig besøk

Det vart gjort store endringar langs elvebreidda før kong Harald og dronning Sonja kom til Gaw Wein-hamna i Mandalay.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Kongefamilien på elvebåt i Myanmar

Kongeparet kom til Mandalay med båt.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Me har ikkje råd til å ete fordi me har ikkje jobba i fem dagar. Dei fleste av oss har ikkje råd til plankar og spikrar til å bygge opp att heimane våre, seier Ko Oo til avisa Eleven Myanmar.

Han og mange andre som budde i slumområdet langs elvebreidda i byen Mandalay, fekk husa jamna med jorda då kong Harald kom på besøk førre veke.

– Alltid budd her

Lokale styresmakter meiner at området er okkupert, og at dei som bur der fekk tildelt ny jord ein annan stad i 1995.

– Eg er fødd i Mandalay. Eg har alltid budd her. Vår familie har ikkje motteke ei tomt. Det er ikkje sant at alle som bur her har fått tildelt ny jord. Me reiste herifrå då styresmaktene fjerna oss, men me har kome tilbake no fordi det ikkje er nokon annan stad å reise, seier Oo.

Under kongens besøk var elvebreidda omgjort til ein idyllisk stad, med folk kledde i ulike etniske drakter. Det var nærast umogleg å sjå at staden nyleg hadde vore eit slumområde.

Ifølgje Eleven Myanmar vart all pynt fjerna berre timar etter at kong Harald og dronning Sonja hadde reist frå staden. Nokre barn og eldre skal også ha blitt sjuke av å sove utandørs, påstår avisa.

Lokale styresmakter seier det er for tidleg å seie om dei vil bygge opp att husa som vart rivne, og at dét er eventuelt noko som må bli bestemt av høgare styresmakter.

Kongen: – Veldig leit

Kong Harald sa til NRK at han var lei seg for at husa var rivne før hans besøk.

– Det er veldig leit. Me har ikkje bede om dette i det heile tatt. Me skulle ha ei privat mottaking her, men dette er noko dei har ønskja, sa kongen og la til:

– Eg trur me får ta det på den kappa at me er i ein demokratiseringsperiode, og at dette kanskje er eit bevis på at dei har eit stykke att å gå.

Kongebesøk i Myanmar

Sjå reportasje frå kongens besøk i Mandalay.

SISTE NYTT

Siste nytt