Urix forklarer

Slik vil verda endre seg i 2019

I 2019 kan verda få eit nytt land, brexit kjem til å skape nye problem og demokratane i USA starter prosessen med å finne ein konkurrent til Donald Trump. Desse små og store sakene kan komme til å prege 2019.

Montasje - 2019

Fortset fredsprosessen mellom Etiopia og Eritrea, blussar kampane opp igjen i Syria, vert ei gule vestane med inn i 2019, og korleis går det med børsane?

1. Konfliktane i Syria kan blusse opp på ny

MIDEAST-CRISIS/SYRIA-USA

To soldatar frå den kurdiske YPG-militsen skyt mot ei drone som IS har sendt ut. Kan USAs exit blåse liv i konfliktane i Syria?

Foto: Goran Tomasevic / Reuters

Mange lurer på kva som kjem til å skje når USA trekk ut sine styrkar frå Syria. Overraskinga var stor då Donald Trump kunngjorde nettopp dette rett før jul.

Tyrkia har sagt at dei vil ta ansvar, men det uroar den kurdiske YPG-militsen som har vore viktige støttespelarar for USA i kampen mot IS, men som i Tyrkia vert sett på som ein terrororganisasjon. Syria har sendt hjelp til YPG-militsen, noko Russland støtter.

Med andre ord vil sannsynlegvis USA sin Syria-exit skape nye og uventa endringar i den allereie ganske kompliserte konflikten i Syria.

2. Brexit

Britain Brexit

Storbritannias statsminister Theresa May har måtte tole mykje kritikk i 2018. 2019 vert neppe betre.

Foto: Tim Ireland / AP

Det er under tre månader att til Storbritannia sitt flagg skal firast ned frå flaggstengene utanfor EU-hovudkvarteret i Brussel. Men ein avtale er framleis ikkje spikra, og brexit-prosessen vil ta fleire år før den er heilt over.

Det er grunn til å tru at brexit vil skape overskrifter både i Europa, og ikkje minst i Storbritannia der mange er usikre på kva retning landet vil ta når dei er komne ut av unionen.

3. Fred mellom Etiopia og Eritrea

ETHIOPIA-ERITREA-SOMALIA-POLITICS

Abiy Ahmed, i midten, har blåst liv i fredshåpet på Afrikas Horn. Her saman med Isaias Afwerki (t.v.) og Mohamed Abdullahi Mohamed som er presidentar i høvesvis Eritrea og Somalia.

Foto: EDUARDO SOTERAS / AFP

Etiopias ganske ferske statsminister, Abiy Ahmed, er allereie peikt på som ein av favorittane til å ta imot Nobels fredspris i 2019. Etter at han tok over makta i det store afrikanske landet har mykje endra seg. Ytringsfridomen er større, og langt fleire kvinner har blitt sett inn i viktige posisjonar enn det som har vore vanleg tidlegare.

Men mest merksemd har fredsavtalen med nabolandet Eritrea fått. Dei to landa har vore ueinige om det aller meste sidan 90-talet, men Ahmed har lagt ned stridsøksa og samarbeidet mellom dei to landa er allereie godt i gang. 2019 vil vise om den positive utviklinga held fram, og om fredsprisen hamnar i Afrika for andre år på rad.

4. Demokratane må finne ein konkurrent til Trump

SAUDI-USA/SENATE

Bernie Sanders er ein av dei aktuelle kandidatane til å bli Demokratane sin utfordrar i kampen om presidentjobben i USA.

Foto: JOSHUA ROBERTS / Reuters

Amerikanske valkampar har for vane å vere langtekkelege, og i år startar første del: Nominasjonsrunden. Mykje skal skje om ikkje Donald Trump stiller til val på ny for det republikanske partiet, men for Demokratane er situasjonen ein annan. Dei må finne ein ny kandidat som er populær nok til å kunne slå Trump i valet i november i 2020.

77 år gamle Bernie Sanders kan fort bli han som skal utfordre 72 år gamle Trump etter at Sanders tapte for Hillary Clinton på oppløpet i forkant av førre val.

Blant dei andre potensielle kandidatane finn ein kongressmedlem John Delaney, tidlegare ordførar i New York og mangemilliardær Michael Bloomberg, tidlegare utanriksminister John Kerry og talkshow-stjerne Oprah Winfrey.

Demokratane tek først eit endeleg val av sin kandidat i 2020.

5. Dei gule vestane

FRANCE-POLITICS-SOCIAL-DEMO

Dei gule vestane har allereie klart å skape endringar i Frankrike. Vil dei gjere det i 2019 også?

Foto: CLEMENT MAHOUDEAU / AFP

Desember 2018 har i Frankrike vore prega av dei gule vestane. Demonstrantane har vore misnøgde med auka i bensinprisane, som er eit av tiltaka som Frankrike har innført for å nå måla i klimaavtalen som vart signert i Paris i 2015. Demonstrasjonane har vakse seg store, og det er grunn til å tru at demonstrasjonane vil halde fram inn i 2019.

Dei gule vestane som mange av demonstrantane har brukt har blitt eit symbol som også demonstrantar i andre land har teke i bruk. Også i Ungarn, Taiwan og Belgia har gule vestar blitt sett på demonstrantar. Mens det i Egypt har blitt forbod mot å selje gule vestar.

6. Jemen

YEMEN-SECURITY/

Menn frå Houthi-militsen fotografert i Hodeida i desember. Dei krigande partane har signert fredsavtale, men vil den skape noko endring?

Foto: ABDULJABBAR ZEYAD / Reuters

Partane i krigen i Jemen har forhandla i Sverige, og vart til slutt einige om ein våpenkvile. Berre timar etter at avtalen starta vart den broten. Over ti tusen er drepne i krigen som har vart i fleire år. Det er gjort fleire forsøk på å skape fred, utan at det har ført fram til varig fred.

Dei humanitære konsekvensane har vore enorme i Jemen, og Redd Barna meiner 85.000 barn kan ha døydd av svolt. Mange sivile har knapt hatt tilgang til mat fordi mykje av matimporten kjem via hamnebyen Hodeida kor det har vore omfattande krigshandlingar. Rundt halvparten av folket i Jemen har ikkje tilgang på nok mat, ifølgje FN.

7. Bougainville

Bougainville flagg

Kanskje vert dette flagget til verdas nyaste stat i juni.

Du har kanskje ikkje høyrt om øya Bougainville, men i 2019 kan dette bli verdas nyaste stat. Øya som i dag er ein del av Papua Ny-Guinea er kalla opp etter franskmannen som oppdaga øya i 1768.

Mellom 1988 og 1998 var den mineralrike øya prega av ein blodig borgarkrig som tok 15.000 liv. Ein del av fredsavtalen er at det skulle haldast folkerøysting om sjølvstende innan 2020. Valdatoen er sett til 15. juni 2019. Presidenten på øya seier at dei vil jobbe for at alle stemmer for at Bougainville blir ein eigen stat, uavhengig av Papua Ny-Guinea.

Laster kart, vennligst vent...

Bougainville kan bli eit eige lite land midt mellom Salomonsøyene og Papua Ny-Guinea.

8. Klima

CLIMATE-CHANGE/ACCORD CLOSING

Leiar for klimatoppmøtet i Katowice i Polen, Michal Kurtyka, hopper ned frå bordet etter at toppmøtet spikra ein avtale om finansiering av Paris-avtalen.

Foto: KACPER PEMPEL / Reuters

2019 vert ikkje året der nye klimaavtalar skal signerast, men det vert året kor det skal leverast på allereie vedtekne avtalar. Klimaspørsmålet tek stadig større plass i kvardagen til folk flest verda over. Anten i form av politiske endringar i transport, energi og økonomi, eller i form av naturkatastrofar som skjer på grunn av klimaendringar.

Debatten vil fortsette å gå varm mellom dei som meiner verda har god tid på seg for å løyse klimakrisa, og dei som meiner kampen mot klimaendringane snart er tapt.

9. Uroleg børsmarknad

USA-STOCKS/

Travelt på New York-børsen i romjula. Mange ventar eit turbulent år for verdsøkonomien i 2019. Turbulent økonomi kan også bety politisk uro og misnøye blant folk flest.

Foto: JEENAH MOON / Reuters

Den som kunne spådd kva veg pilane på børsen kjem til å peike hadde vore rik. Men mange økonomiske ekspertar har den siste tida vore einige om at pilene vil fortsette å peike nedover i 2019, slik dei har gjort mot slutten av 2018. Handelskrigen mellom USA og Kina og Brexit skaper ein usikker marknad som også kan bety stagnasjon i den økonomiske veksten.

Ein uroleg oljepris har skapt uro og opptøyar i oljeavhengige land som Venezuela og Sudan. I USA er det høg rente, noko som fører til at mange overfører sine penger dit, og som igjen skapar problem i andre land. Land som Argentina, Tyrkia, India og Indonesia har derimot slite med at valutaen har falt mykje i verdi.

Det internasjonale pengefondet har nedjustert sine forventingar til verdsøkonomien i 2019.

10. Demokrati

India Afghanistan

Vil både Ashraf Ghani og Narendra Modi vinne presidentvala i høvesvis Afghanistan og India, og dermed behalde jobbane sine?

Foto: Saurabh Das / Ap

Kvart år vert fleire viktige val heldt. I 2019 er det i tillegg til lokalvalet i Noreg også nasjonale val i land som India, Afghanistan, Nigeria, Danmark, Ukraina, Argentina, Israel og Australia.

Spesielt vala i Nigeria, Israel, Ukraina og Afghanistan kan vere viktige for å løyse konfliktar i dei ulike landa.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt