Hopp til innhold

Colombias blodige historie

Fredsprisen kan setje eit punktum for Sør-Amerikas lengste og verste borgarkrig. Her er ein titt på det historiske bakteppet for konflikten i Colombia.

COLOMBIA-PEACE-FARC

FARC har kome ut frå jungelen, etter meir enn 50 år med væpna konflikt. Dette er frå litt over ei veke sidan nær ein av leirane deira i Caqueta-regionen.

Foto: RAUL ARBOLEDA / Afp

Heilt sidan landet blei sjølvstendig i 1819 har konflikt prega det søramerikanske landet.

Dei siste 50 åra er det geriljagrupper, hæren, paramilitære grupper frå høgresida og narkotikaligaer som har kriga med kvarandre – det siste portrettert i den populære tv-serien «Narcos».

I dag blei det kunngjort at Colombias president Juan Manuel Santos får Nobels fredspris for arbeidet med fredsavtala han nyleg signerte saman med motparten FARC. Målet er å ende det som etter kvart har blitt Sør-Amerikas lengste og blodigaste borgarkrig.

Geriljagrupper og paramilitære

Heilt sidan Colombia blei sjølvstendige frå koloniherren Spania i 1819 har det vore valdelege konfliktar mellom dei liberale og konservative i landet.

AP Explains Colombia Peace Accord

I 1948 blei Bogotas borgarmeister skoten og drepen. Det blei starten på perioden som blir kalla La Violencia (Valden).

Foto: Ap

Etter at den venstreorienterte ordføraren i hovudstaden Bogotá, Jorge Eliécer Gaitán, blei drepen i 1948 følgde store opptøyar og etter kvart ei intern konflikt kjend som «La Violencia» («Valden»).

Konflikten varte til 1957 og tok livet av mellom 250 000 og 300 000 menneske.

Ein politisk avtale mellom det liberale og det konservative partiet i 1957 gjorde at dei delte makta seg imellom og forbaud alle andre parti. På venstresida blei det etter kvart danna geriljarørsler ut ifrå dei politiske partia som blei utestengd.

Først ute var Colombias revolusjonære væpna styrker (FARC), som blei danna i 1964 med eit mål om å kjempe om jordreformer og sosial rettferd. Kort tid etter følgde fleire andre, deriblant den marxist-lenistiske frigjeringshæren ELN, som framleis er aktive, og ikkje er omfatta av den nye fredsavtala.

COLOMBIA INDIGENOUS DISPLACED

Det er dei sivile som har fått lide, i krysselden mellom geriljagruppene, dei paramilitære og narkotikakartella. Her er ei gruppe frå Embera-stammen i Bolivar-nabolaget i Bogota etter at dei har flykta frå truslar frå både venstreopprørarar og paramilitære grupper, mai 2005.

Foto: JAVIER GALEANO / Ap

Geriljagruppene har sidan dette vore i valdeleg konflikt med regjeringa, også då Santos var forsvarsminister.

FARC har etter kvart blitt involvert i kokaineksporten i landet som er ein av hovudleverandørane til det amerikanske marknaden. Dei har også brukt kidnappingar som forhandlingskort og inntektskjelde.

Som motsats blei det oppretta høgreorienterte paramilitære styrker på 80-talet. Dette var jordeigarar og narkotikakartell som kjempa mot geriljagruppene og resten av venstresida.

I 1997 gjekk fleire av dei saman i paraplyorganisasjonen AUC. Dei såkalla dødsskvadronane, som stod bak som omfattande drap på meiningsmotstandarane, hadde støtte i hæren og delar av den politiske leiinga.

AUC la ned våpena i 2003 etter løfter om redusert straff for dei som blei funne skuldige i overgrep.

Folket sa nei - forhandlingane held fram

Ein tilsvarande straffefridom for Farc-medlemmer har vore ein av ankepunkta for motstandarane av den nyleg forhandla fram fredsavtalen. Den gir også plassar til Farc-medlemmer i parlamentet. Først i 2018 må dei stille til ordinært val.

For etter fleire tidlegare forsøk, og fire år med hyppige forhandlingar tilrettelagt av Noreg og Cuba, kunngjorde president Santos og Farc-leiar Timoléon «Timosjenko» Jimenez 24. august at dei hadde blitt einige om ein fredsavtale.

Likevel var ikkje alle colombianarar einige i det. Eit knapt fleirtal stemte søndag nei til avtalen i ei folkeavstemming.

Trass i det nedslåande resultatet har ikkje Santos gitt opp håpet om ein varig fred, og var denne veka tilbake rundt forhandlingsbordet. Han har også hatt samtalar med tidlegare president Alvaro Uribe, som har leia nei-kampanjen og kritiserer avtalen for å vere for mild mot FARC.

COLOMBIA-NOBEL-PEACE-SANTOS The Nobel Peace Prize for 2016 announced by Kaci Kullmann Five, Chair of the Norwegian Nobel Committee

Colombianarar har i det siste fått mykje mediemerksemd, og det toppa seg i dag då det blei klart at presidenten deira får fredsprisen.

Foto: LUIS ROBAYO / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt