Hopp til innhold

Slik skal politiet i Albania knekke cannabismafiaen

TIRANA (NRK): Den albanske mafiaen har forsynt Europa med cannabis til ein verdi av fleire titals milliardar norske kroner. No går politiet i Albania til storaksjon for å få ein slutt på dette.

Helikopterpatrulje Albania

POLITI I HELIKOPTER: Albansk politi har teke i bruk eit russisk transporthelikopter av typen MI-8, for å stoppe ulovleg cannabisdyrking.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

NRK får vere med politiet når det russiske MI-8 helikopteret tek av frå Farka helikopterbase i Tirana.

Oppdraget er leia av sjefen for kriminalpolitiet i Albania, Josif Shtembari.

Lezha-politiet

LOKAL HJELP: Lokale politifolk border helikopteret i Lezhe.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Det albanske politiet saumfer fjella med helikopter, på jakt etter dei hemmelege plantasjane til cannabismafiaen.

Vi landar i byen Lezhe, nord i Albania, for å plukke opp lokale politifolk.

Sommaren er den viktigaste tida i kampen mot ulovleg cannabisdyrking. Frø kan bli sådde frå slutten av april til slutten av juni, og i juli byrjar den første innhaustinga.

Det er no politiet har sjansen til å stoppe det ulovlege jordbruket.

SJÅ VIDEO: På veg inn i dei albanske fjella saman med politiet.

Vil unngå nytt rekordår

2016 var eit rekordår for ulovleg dyrking av marihuana.

Under intenst internasjonalt press gjorde politiet beslag av 40 tonn med tørka cannabis, og øydela meir enn 2,5 millionar plantar.

Beslag av cannabis

BESLAG: Talsmann for det albanske politiet Genti Mullai viser bilde på mobilen av beslag politiet har gjort av cannabis.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Opposisjonen gjorde den ulovlege dyrkinga til ei politisk sak i februar. I dag er det parlamentsval, og opposisjonspolitikarane frykta narkotikapengane ville påverke valresultatet.

Dei har demonstrert utanfor Statsministerens kontor, og skulda regjeringa for å feie problemet under teppet.

Cannabis-forliket

Regjeringa og opposisjonen vart til slutt samde om å samarbeide. Dei laga ein nasjonal strategi, og det vart sett ned ei tverrpolitisk innsatsgruppe.

Kriminalpolitisjef Shtembari fortel at dei har fått meir ressursar. .

Situasjonen er 100 % forskjellig frå i fjor. Vi har ikkje alltid alle hjelpemiddel til kontrollane frå lufta til disposisjon. Men samanliknar ein med åra før, blir det no gjort eit gigantisk arbeid, fortel han til NRK.

Diskusjon

DISKUSJON: Politiet diskuterer det dei observerte i fjella. Denne gang fann dei ingen plantasjar, og dei er optimistar. Til venstre, kriminalpolitisjef Josif Shtembali og polititalsmann Genti Mullai.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Politiet har stor tru på at ein koordinert innsats frå lufta og bakken vil gje resultat. Dei trur dette kan bli det første året der cannabisproduksjonen blir betydeleg redusert.

– Eg er overtydd om at dette arbeidet vil føre til at vi i år vil vinne kampen mot narkoplantane, og fjerne Albania frå kartet som narkotikaproduserande land, fortel talsmann for politiet Genti Mullai.

Eit hinder for EU-søknaden

Albania er det landet som eksporterer mest grøn cannabis til Europa, seier Europol. Dette er eit stort hinder i vegen for Albanias EU-søknad.

Laster Twitter-innhold

I 2016 stemte den tyske Forbundsdagen mot å byrje EU-forhandlingar med Albania. Ei viktig årsak var mangelen på framgang i kampen mot organisert kriminalitet, og narkotikasmugling.

Sjølv om EU vedgår at ting har betra seg, så etterlyser dei fleire tiltalar og dommar mot bakmennene.

Det er sjeldan at ein følgjer opp med effektive straffesaker, står det i ein framgangsrapport frå EU.

«Europas cannabis-hovudstad»

Ein liten landsby sør i Albania, har blitt eksempelet på konsekvensane av å gje dei kriminelle frie hender.

Ifølgje ein italiensk politirapport frå 2013, vart det eksportert cannabis til ein marknadsverdi på over 40 milliardar kroner frå landsbyen Lazarat.

Her vart det dyrka cannabis i alle krikar og krokar. Landsbyen manglar vatn, og det vart importert store mengder vatn til dei tørste plantane.

Vasstankar ligg framleis strødde rundt omkring, men det er ingen cannabis å sjå når NRK er på besøk.

APTOPIX Albania Marijuana

FORRYKANDE POLITIAKSJON: I 2014 storma politiet Lazarat, og tok over kontrollen. Dei kriminelle flytta verksemda si til andre stadar i Albania.

Foto: Hektor Pustina / Ap

I 2014 storma politiet landsbyen og sette fyr på alle ulovlege plantar. Ein politimann vart drepen i den store aksjonen, som varte i fleire dagar.

Folk måtte gå i dekning på grunn av all skytinga, fortel ein mann ved den lokale kafeen til NRK.

Innbyggarane er framleis bitre på politiet, og skjønar ikkje kvifor deira eigne landsmenn måtte gripe til våpen.

– Politisk spel

Aksjonen var eit politisk spel, fortel dei. Dette var ein by som støtta Det demokratiske partiet. Det var i opposisjon, medan regjeringa var sosialistisk.

Borgarmeisteren

BORGARMEISTEREN: Den tidlegare borgarmeisteren Dasho Aliko fortel at forhandlingar var på veg for å avslutte cannabisdyrkinga i Lazarat. Han meiner det var fullstendig unødvendig av politiet å bruke vald.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

NRK får eit sjeldan intervju med mannen som var borgarmeister her i 14 år.

Han meiner landsbyen vart straffa altfor hardt. Forhandlingar var på veg for å avslutte dyrkinga, og hadde dei fått meir tid, kunne det heile blitt løyst på ein fredeleg måte.

– Dei kom som okkupantar, eg var i Kosovo i 1999 da Serbia okkuperte Kosovo. Eg synest staten vår har gjort verre ting mot oss i Lazarat, enn det Serbia gjorde mot kosovoalbanarane, fortel den tidlegare borgarmeisteren, Dasho Aliko.

Han hadde ei tid 98 % oppslutning i Lazarat, men etter ei kommunesamanslåing vart han ikkje attvald.

Det er likevel tydeleg at han framleis er ein viktig politikar for landsbyen. Folk som kjem forbi helsar respektfullt.

Fristaden Lazarat

Gravejournalist Artan Hoxha viser fram ein video der han går i ein tjukk skog av cannabis på ein hemmeleg stad i Albania i 2016

Artan Hoxha

CANNABISÅKEREN: Gravejournalist Artan Hoxha viser ein video frå i fjor der han vassar i cannabis. Hoxha har fleire gangar blitt trua på grunn av rapporteringa hans.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Hoxha er ein av få journalistar som rapporterer om cannabismafiaen i Albania.

Han har blitt trua på livet mange gangar, og det er risikofylt å besøke slike cannabisplantasjar. Her finst det vaktmenn, som ikkje nøler med å skyte, fortel han.

Hoxha seier at ein må vere forsiktig når ein går på fjelltur i Albania. Viss ein ser store vasstankar, er det eit sikkert teikn på at det går føre seg cannabisdyrking, og då må ein snu med ein gang.

På kontoret sitt ved nyheitskanalen News 24, viser han fram ammunisjon han fann i Lazarat. Det er tunge kaliber. På mobiltelefonen viser han eit bilde av eit stort maskingevær dei kriminelle disponerte.

Våpen til mafiaen

TUNGE VÅPEN: Artan Hoxha viser fram våpen han såg dei kriminelle disponerte i Lazarat.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

– Lazarat var «untouchable»

Lazarat var ein fristad, som ingen kunne røre, fortel Hoxha. Dei kriminelle kjøpte seg beskyttelse og straffefridom ved å betale narkopengar til dei lokale politikarane.

– Sidan Lazarat hadde politisk og institusjonell immunitet, så la andre kriminelle grupper i landet produksjonen og fordelinga til den landsbyen, fortel han.

Hoxha viser fram den aller viktigaste ingrediensen til cannabisdyrkarane. Frø.

Dei blir kjøpt for 1,1 euro i Nederland, og smugla til Albania. Gjerne kjøper ein 100.000 frø i slengen.

Dette er frø som er ekstra potente, dei er optimaliserte for å produserer store mengder av verkestoffet THC.

Cannabisfrø

FRØ: Artan Hoxha viser fram frøa som blir brukte til å plante cannabis. Dei blir kjøpte i Nederland, gjerne 100.000 kvar gong.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

– Det er slaveri

Å dyrke og hauste cannabis er arbeidsintensivt. Ofte er det dei lågast på rangstigen som blir rekrutterte til å drive det praktiske jordbruket.

Barn, pensjonistar og etniske rom.

NRK møter ein romfamilie som vart lokka til å vere med på innhaustinga i fjor.

Det er farleg for dei å snakke til media. Dei kriminelle kan ta hemn, eller statuere eit eksempel mot« tystarar».

Dei uttalar seg difor anonymt til NRK, og fortel om lange arbeidsdagar prega av truslar og tvang. Dei åtvarar andre mot å ta slikt arbeid.

– Berre ikkje gjer det, det er slaveri.

Dei fekk heller ikkje pengane dei var lova.

– Kan de klage til nokon?

– Nei, seier mannen alvorleg.

ALBANIA-DRUGS-CANNABIS

SESONGARBEID: Mange fattige i Albania tek seg arbeid på cannabismarkene og i dei hemmelege fabrikkane der det mellom anna blir laga marihuanasigarettar. Dette bilde er frå 2013, ein stad sør i Albania.

Foto: GENT SHKULLAKU / Afp

Cannabis-epidemien

Etter aksjonen i Lazarat, flytta dei kriminelle produksjonen til andre stadar i Albania. Dyrkinga kom ut av kontroll, volumet auka, og 2016 vart eit toppår for cannabisdyrking.

I helikopteret trur politiet dei har klart å bremse ned dyrkinga. Dei får også hjelp av italienske Guardia di Finanza, ein halvmilitær politistyrke, som også driv overvaking frå lufta i Albania.

For nokre veker sidan fastslo italienarane at dei ikkje hadde sett cannabis-plantasjar.

Kriminalpolitisjef Shtembari observerte heller ikkje nokon cannabis-plantasjar denne gangen.

Han fortel at dei også har byrja å involvere vanlege borgarar. Politiet tilbyr 20.000 kroner i dusør til alle som har solide tips om cannabisplantasjar.

Landsbyleiarar har også blitt uvurderlege allierte i kampen mot narkotika, fortel han.

– Dei har meir ansvar enn før, og er interessert i å kontrollere sine område. Dei spør politiet om dei har kontrollert dei ulike områda. Før var det ikkje slik. No er arbeidet mykje betre organisert, fortel han.

Lazarat grafitti

SKEPTISKE TIL POLITIET: Ein graffiti viser kva folk synest om politiet i Lazarat etter aksjonen i 2014. Etterpå vart produksjonen flytta til andre delar av landet, og 2016 vart eit rekordår for produksjon av cannabis i Albania.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Journalist Artan Hoxha fortel at politiet gjer ein god jobb, men at det også er ei anna årsak til at cannabisdyrkinga er på veg ned.

Den enorme cannabis-produksjonen i 2016 har nemleg dekka etterspurnaden i lang tid framover, og ein kan tenkje seg at marknaden for tida er metta.

Hoxha meiner at ein må sette inn innsatsen mot bakmennene, skal ein få ei varig løysing på problemet.

– Vi må stoppe pengane deira, og konfiskere inntektene. Utan pengar kan dei ikkje leve eit luksusliv.

Ein må også få til eit betre internasjonalt samarbeid, der ein stoppar salet av narkotika i mottakarlanda, meiner han.

SISTE NYTT

Siste nytt