Hopp til innhold
Urix forklarer

Slik kom Nobelkomiteen fram til årets vinnar

Får vi ein fredspris som spelar rett inn i Donald Trumps ordkrig med Nord-Korea og Iran? Berre Nobelkomiteen veit.

Nobels fredspris 2016 til Colombias president Juan Manuel Santos.

Nobelkomiteens leiar Berit Reiss-Andersen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Når døra går opp fredag kl. 11, og Nobelkomiteens leiar Berit Reiss-Andersen trer inn i blitz-regnet, er verdas håpefulle på tå hev; Zarif, Mogherini, motstandare mot atomvåpen, Mukwege.

Og mange fleire. Vinnaren kan ha fått eit lite vink, men ikkje alltid.

Nobelåret

Det er konklusjonen på ein prosess som har vart eit drygt halvår. Som inkluderer Nobelkomiteen, forskarar og ekspertar – konsulentar frå inn- og utland.

Fristen for å nominere går ut allereie 1. februar.

Etter det kan komiteens eigne medlemmer supplere lista, men berre fram til første komitemøte rundt 1. mars. Ingen som då ikkje står på lista, kan få prisen.

Parlamentsmedlemmer og regjeringsmedlemmer i inn- og utland, tidlegare prisvinnarar, statsoverhovud og ein del universitetsfolk er blant dei som kan nominere.

Finaleheatet

Nobelkomiteens medlemmar møtest ei handfull gongar på begge sider av sommaren. Gjennom våren blir lista over aktuelle kandidatar redusert til under ti. Den sokalla kortlista.

Det er dette som er finaleheatet, det er desse som gjennomgår den grundigaste vurderinga. Av Nobelinstituttets eigne folk og av innleigde konsulentar.

Avgjerda fell på i eit av komiteens møter over sommaren. Rykta fortel at i år har dragkampen gått føre seg heilt til det siste. Alt er hemmeleg, berre Nobelkomiteen og sekretæren kjenner komiteens konklusjon.

Atomkrig er årets store tema

Berre ein gong før har komiteen hatt fleire kandidatar enn i år – 318 i talet. Atomvåpen er årets heitaste stikkord, her er det fleire kandidatar. Pådrivarar for FNs forbod mot atomvåpen er aktuelle, men også Iran-avtalen frå i fjor.

 Mogherini

EUs utanriksansvarlege, Federica Mogherini. Vil ho få Nobelprisen som ein av arkitektane bak Iranavtalen?

Foto: Eduardo Munoz / Reuters

Andre stikkord i år er flyktningar, mattryggleik, ytringsfridom og seksualisert vald.

Blir det atomvåpen vil prisen spele rett inn i årets store tema, ordkrigen mellom USAs president og regima i Iran og Nord-Korea.

Årevis på kortlista

Kandidatane på kortlista kan gjerne vere gjengangarar. Liu Xiaobo – den kinesiske dissidenten som fekk ein av dei mest omstridde prisane i nyare tid – var ein av dei.

Mange er også vurdert fleire gongar utan å nå opp. Den kongolesiske fødselslegen Denis Mukwege er nominert i år igjen. Kanskje er det hans tur i år?

Mukwege

Fødselslege Denis Mukwege frå Kongo. Hans tur i år?

Foto: Christian Lutz / AP

Å stå fleire år på kortlista svekkjer ikkje eit kandidatur. Kanskje tvert om.

Komiteen ønskjer ein balanse mellom enkeltpersonar og organisasjonar. Den tar også omsyn til kjønn og geografi, men det er sjeldan avgjerande.

Langt fleire menn enn kvinner har fått prisen, Vesten er kraftig overrepresentert. Latin-Amerika, til dømes, er underrepresentert, sjølv om fjorårets pris gjekk til Colombias president.

Fifteen minutes of fame

Internasjonalt er kunngjeringa av fredsprisen Norges «fifteen minutes of fame».

På førehand er det spekulert; i The Guardian, USA Today og Times of India. Og NRK – for den del. Av og til har det lekka, ofte ikkje.

Offentleggjeringa blir dekka av dei globale tv-aktørane. I Geir Lundestads tid fekk alle som vitja Nobelinstituttet høyre sitatet frå The Oxford Dictionary:

«The world's most prestigious prize».

Truleg blir den tradisjonen vidareført av Lundestads etterfølgar, Olav Njølstad. At prisen har slik tyngde kan skuldast den grundige prosessen.

Fest på Nobels dødsdag

Mykje er hemmeleg gjennom Nobel-året. Men sikkert er at det heile blir avrunda med feiring, seremoni og fakkeltog i Oslo 10. desember, på Alfred Nobels dødsdag.

Og på nyåret er det på'an igjen.