Hopp til innhold

Slik kan Danmark bli endra med blå regjering

Mindre makt til EU, strengare asylpolitikk og meir bruk av offentlege pengar er noko av det den nye danske regjeringa kan kome til å jobbe for. Men stridspunkta er fleire.

Lars Løkke Rasmussen kommer ut av stemmeavlukket

Han har nettopp gjort si borgarplikt. Seinare på kvelden vann Lars Løkke Rasmussen valet i Danmark, og no skal han forhandle med tre andre borgarlege parti om kor vegen går vidare for Danmark. Men stridspunkta er fleire.

Foto: SCANPIX DENMARK / Reuters

Dansk Folkeparti (DF) har gjort det klart at dei skal bruke gårsdagens oppsiktsvekkande resultat til å påverke dansk politikk så mykje dei berre kan.

Kan påverke Danmarks forhold til EU

Om dei sit i regjering, eller ikkje, er ikkje det viktigaste, så lenge dei har stor nok påverknadskraft, seier partileiar Kristian Thulesen Dahl.

Og påverknadskraft vil dei absolutt få, som det største partiet i den borgarlege fløya. Det er ei rekke saker DF har ambisjonar om å gjere noko med.

– Me skal reformere EU, sa Thulesen Dahl i sin seierstale i går kveld.

Han meiner Danmark må bli tettare alliert med Storbritannia, og følge deira døme. «EU skal rett og slette fylle mindre», heiter det i eit lesarinnlegg som Kristian Thulesen Dahl skreiv i fjor, og meiner med det at EU bør bestemme mindre over Danmark.

DENMARK-ELECTION/ Danish People's Party (DF) leader Kristian Thulesen Dahl is pictured giving thumbs-up in Copenhagen, Denmark

Tommel opp for Dansk Folkeparti. Partileiar Kristian Thulesen Dahl gjer derimot tommelen ned for auka innvandring, EU og mindre pengar til velferd.

Foto: SCANPIX DENMARK / Reuters

Innvandringspolitikk blir konflikttema

DF vil også innføre grensekontrollen mot Tyskland på ny. Spørsmålet om meir permanent kontroll av det som passerer grensa mot Tyskland er omstridd.

Det var også tema framfor førre val, då den førre borgarlege regjeringa hadde starta planlegginga av strengare kontroll av grensa. Formålet skal vere å hindre kriminalitet, men tyske politikarar har vore sterkt kritiske.

Thulesen Dahl sa også at DF vil skilje flyktning- og innvandringspolitikk, og det er liten tvil om at DF vil kjempe for ein langt strengare asylpolitikk i Danmark i åra som kjem.

Men dei vil møte motstand frå Dei Liberale som har fri innvandring som eit av sine kampsaker.

Siste punktet Thulesen Dahl snakka om frå talarstolen i går kveld var offentlege utgifter. DF har gått til val på å auke bruken av offentlege middel, og bruke meir pengar på velferd. Partiet har tidlegare sagt at dei vil auke dei offentlege utgiftene med 0,8 prosent i året.

Ueinige om trygd og arbeidspengar

Partiet til han som mest sannsynlegvis vert statsminister, Lars Løkke Rasmussen, har derimot sagt at dei ønskjer nullvekst. Dette er eit av fleire punkt som vil bli diskutert dei kommande dagane, når dei borgarlege partia skal prøve å få til eit samarbeid.

I tillegg ønskjer DF å gi meir pengar til dei som går utan arbeid, men det vil heller ikkje Venstre. Dei vil derimot gje mindre i trygd til dei som er arbeidsledige, og heller bruke pengane på å stimulere til fleire jobbar. På den måten meiner dei at fleire kan komme ut i jobb.

Kven som vert sittande i den danske regjeringa er førebels uklart, og DF har sagt at det er viktigare å ha stor påverknadskraft enn å sitte i regjering.

Men at det høyreradikale partiet vil få mykje å seie for dansk politikk i åra som kjem herskar det særs liten tvil om.

Kristian Thulesen Dahl

Kristian Thulesen Dahl tala til sitt eige parti i natt.

SISTE NYTT

Siste nytt