Hopp til innhold

Slik gjekk det med 23 IS-gislar

Her er ei oversikt over korleis det gjekk med 23 menneske som var gislar hos IS sidan november 2012. Dei fleste som ikkje er frå USA eller Storbritannia er sette fri, truleg etter betaling av løysepengar.

Fan Jinghui

Nordmannen Ole Johan Grimsgaard-Ofstad (t.v.) og kinesiske Fan Jinghui er dei siste av mange utlendingar som blir haldne som gislar av IS i Syria.

Foto: Ap

Både USA og Storbritannia har ein streng politikk på at dei ikkje skal betale løysepengar. Ingen land har vedgått at dei har betalt løysepengar for å få sine borgarar fri, men fleire ekspertar meiner at det har vorte betalt inn store summar i løysepengar til IS og andre terrororganisasjonar.

– Løsepenger må til for å redde nordmann

FN-veteran: – Jeg advarte ham mot å dra

Forsker om den bortførte nordmannens reiserute: – Ekstremt risikabel

November 2012: Dei to journalistane James Foley (USA) og John Cantlie (Storbritannia) vart tekne til fange i Syria. James Foley vart brutalt drepen i august 2014. John Cantlie blir truleg framleis halden som gissel av IS i Syria.

James Foley og bøddelen hans.

Eit bilete teke før avrettinga av James Foley i august 2014.

Foto: Uncredited / Ap

Foleys familie truet av USA

Januar 2013: Den russiske mekanikaren Sergej Gorbunov vart teken til fange i Syria. Han vart avretta av IS i mars 2014.

April 2013: Den italienske hjelpearbeidaren Frederico Motka og den britiske hjelpearbeidaren David Crawthorne Haines vart tekne til fange i Syria. Motka vart sett fri, truleg etter at det vart betalt ut løysepengar, i mai 2014. David Cawthorne Haines vart brutalt avretta av IS i september 2014.

Mai 2013: Den danske fotojournalisten Daniel Rye Ottosen vart teken til fange i Syria. Han vart sett fri, truleg etter at det vart betalt løysepengar, i juni 2014. Han greidde saman med fleire andre å smugle ut brev frå menneske som framleis vart haldne som gislar.

Juni 2013: Dei to franske journalistane Didier Francois og Edouard Elias vart tekne til fange i Syria. Dei vart sette fri i april 2014, truleg etter at det vart betalt løysepengar.

Løslatte franske journalister

Didier Francois og Edouard Elias vart sette fri i april 2014.

Juni 2013: Dei to franske journalistane Nicolas Henin og Pierre Torres vart tekne til fange i Syria. Dei vart sett fri, truleg etter betaling av løysepengar, i april 2013.

Juni 2013: Den tyske statsborgaren Toni Neukirch vart teken til fange i Syria. Han vart sett fri i juni 2014, truleg etter at det vart betalt løysepengar.

Juli 2013: Den amerikanske journalisten Steven J. Sotloff vart teken til fange like etter at han kryssa grensa til Syria. Han vart brutalt drepen like etter avrettinga av James Foley i august 2014.

USA: Sotloff-videoen er ekte

Juli 2013: Den amerikanske hjelpearbeidaren Kayla Jean Mueller vart bortført i Syria. Ho vart stadfesta død i februar i år, men det er uklart korleis ho døydde. Det kan ha skjedd under eit amerikansk bombeangrep eller under eit raid for å prøve å berge henne .

 Kayla Mueller

Den amerikanske hjelpearbeidaren Kayla Jean Mueller døydde under uklare omstende i IS-fangenskap.

Foto: The Daily Courier, Matt Hinshaw / Ap

August 2014: Den spanske journalisten og krigskorrespondenten Marc Marginedas vart bortført i Syria. Han vart sett fri i mars 2014, truleg etter at det vart betalt løysepengar.

August 2014: Dei spanske journalistane Javier Espinosa og Ricardo Garcia Vilanova vart tekne til fange i Syria. Dei vart sette fri i mars 2014, truleg etter at det vart betalt løysepengar.

Oktober 2014: Den amerikanske hjelpearbeidaren Peter Kassig vart tekne til fange i Syria. Han vart brutalt avretta av IS i november 2014. USAs president Barack Obama sa i ein kommentar til avrettinga at det var ei «handling utført i rein vondskap».

Peter Kassig

Den amerikanske hjelpearbeidaren Peter Kassig vart avretta av IS i november 2014.

Foto: Handout / Afp

Desember 2014: Den britiske hjelpearbeidaren Alan Henning vart teken til fange av IS, etter at han hadde brukt sparepengane sine til å kjøpe ein brukt ambulanse til bruk i Syria. Han vart brutalt avretta i august 2014.

Alan Henning

Den britiske hjelpearbeidaren Alan Henning vart avretta av IS.

Foto: Family Handout / Ap

Januar 2014: Fem hjelpearbeidarar frå «Legar utan grenser» vart bortførte i Syria. Det var ein danske, ein belgisk statsborgar, ein sveitsar, ein svenske og ein persianar som vart tekne til fange frå feltsjukehuset der dei arbeidde. Tre av dei vart sette fri i april og dei to siste i mai same året.