Hopp til innhold

Slik fungerer eigentleg vala i «Den demokratiske folkerepublikken Korea»

Dei glade dansarane er tvungne ut i gatene, og stemmesetelen som allereie er fylt ut skal du berre putte i ei urne. Om ikkje du gjer det, så er du ein landssvikar.

Valet i går var det første lokalvalet som vart gjennomført sidan Kim Jong-un tok over som president etter sin far Kim Jong-il i desember 2011.

Sjå ein liten video frå valet i Nord-Korea i helga.

Kim Jong-un kastar si stemme

Kim Jong-un stemmer ved lokalvalet i helga. Det er ikkje kjent om også hans stemmesetel var fylt ut på førehand, men han gjorde i det minste si borgarplikt med «stor entusiasme».

Foto: KRT

– Den viktigaste jobben er å møte opp, fortel avhopparen Kim Kwang-jin til CNN.

Han har sjølv har vore med på val i Nord-Korea, og han fortel ei heilt anna historie enn det nordkoreanske nyheitsbyrået som i går påstod at folket i Nord-Korea gjekk til vallokala med «enorm entusiasme».

Stemmesetlane er allereie fylte ut

I Nord-Korea er det å stemme obligatorisk for alle over 17 år. Og om du ikkje gjer det, så risikerer du å bli dømd for landssvik og forræderi.

– Å ikkje stemme vert sett på som ei politisk fornærming, så det er meir alvorleg enn økonomisk kriminalitet. Det vert tolka som at nokon er politisk ueinige med regimet, seier Kwang-jin.

Kim Jong-un og Kom Jong-il

Far og son. Kim Il-sung og Kim Jong-il heng over valurnene. Alle som kjem inn for å stemme bukkar først til biletet av dei to store leiarane, og legg deretter den allereie ferdig utfylte stemmesetelen i urna.

Foto: KRT

Regimet har sjølv fylt ut alle stemmesetlane, slik at dei som vert velt inn for å representere dei ulike valkretsane allereie er bestemt. Du har dermed berre eit val, og det er å stemme ja på regimets kandidat.

99,97 prosent skal visstnok ha gjort nettopp dette i går. Sjuke og eldre har fått stemme ved hjelp av valurner som kan flyttast, og dei få som ikkje har stemt har sine grunner – dei bur nemleg i utlandet, opplyser det nordkoreanske nyheitsbyrået KCNA.

– Gjer regimet oversikt

Avhopparen som CNN har snakka med fortel også at valet også er ganske praktisk for regimet, for når dei gjennomfører valet får dei også oversikt over kor alle innbyggjarane er, og kven dei er.

– Før me gjekk inn for å stemme, så kryssa me ikkje ut noko på lista av kandidatar. Men eg sørga for å bli kryssa av på lista til andre, for å vise at eg deltok i valet, fortel Kwang-jin.

Men ein kan også få oversikt over regimets styr og stell ved vala. For ved å sjekke endringane i vallistene kan ein få innsyn i kva personar som er ein del av sentralmakta i landet. Ein kan også få svar på om enkelte personar er fjerna frå makta, slik det jamleg kjem rykte om.

Nord Korea valg

Eit bilete frå Nord-Koreas statlege TV-kanal viser glade folk i gatene. Ein avhoppar fortel til CNN at valdagane gjer det mogleg for regimet å bruke propaganda til å framstille sine innbyggjarar som glade og nøgde.

Foto: KRT

Offentleg fridag

Nokre lyspunkt er det ved valet, for det er nemleg ein offentleg fridag. Difor er det mogleg for vennegjengar og familiar å samle seg for sosialt samvære. Likevel kunne dei risikere å bli tvungne ut i gatene for å danse, noko som er vanleg på valdagane.

– Det er ein moglegheit for regimet å utøve propaganda, fordi dei kan vise fram sine glade innbyggjarar som utøver sine demokratiske rettar og viser si støtte til regimet, seier avhopparen.

Nord-Korea set sjølve ikkje pris på å bli kalla «Nord-Korea», men opererer med namnet «Den demokratiske folkerepublikken av Korea». Likevel er det ikkje så mykje som minner om demokrati i det lukka landet.