Hopp til innhold
Urix forklarer

Slik fann Nobelkomiteen årets fredsprisvinnar

Fredsavtale eller kvalitetsjournalistikk, matforsyning eller klima? Kven har gjort mest for fred det siste året, er spørsmålet. Slik fann dei fem i komiteen svaret.

gaoLz92B6HA

Nobelkomiteens leiar Berit Reiss-Andersen i verdsmedienes søkelys i oktober kvart år.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Klokka er 11. Pulsen stig hos mange av verdas mektige. Dei følger med på den brune døra der Nobelkomiteens leiar Berit Reiss-Andersen trer inn i rommet fullt av journalistar.

Kanskje er det media sjølv som får fredsprisen, det ville vere noko nytt?

QtVZ6o6QUcc

Journalistikk under press. Demonstrantar minnast den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi som blei bestialsk drepen i Istanbul.

Foto: SARAH SILBIGER / Reuters

Journalistikken er under press, stadig oftare er journalistar mål for brutaliteten med kidnappingar og halshogging, vi minnast det bestialske drapet på journalisten Jamal Khashoggi i det saudiarabiske konsulatet i Istanbul.

Samtidig rullar debatten om «fake news», og propagandaen florerer.

Men dersom det skal vere ein mediepris, kven bør få den? Ein organisasjon? Enkeltjournalistar? Her har komiteen slitt før, kanskje gjer den det enno.

Ope løp

Idet Berit Reiss-Andersen kjem inn i blitsregnet har prisvinnaren gjerne fått eit vink på førehand, men ikkje alltid.

Det har vore eit krevjande år for komiteen. Og det trass i at ein har hatt ein vaskeekte fredsavtale på bordet. Det skjer ikkje kvart år.

Etiopias statsminister Abiy Ahmed har slutta fred med nabolandet Eritrea, det er ein fredspris verd.

Men er han til å stole på? Han styrer enno ein eittpartistat, demokratiske reformer og val er lova, men kva som skjer vidare er høgst uvisst. Og motsetningane ulmar mellom folkegruppene i Etiopia.

Er det for tidleg? Dette dilemmaet har Nobelkomiteen tatt stilling til. Kanskje har dei enda med ein heilt annan vinnar?

Nobelåret

Kunngjeringa av fredsprisen er svaret på ein prosess som har vart nesten eitt år, og som inkluderer Nobelkomiteen, forskarar, ekspertar og konsulentar frå inn- og utland. Fristen for å nominere går ut allereie 1. februar.

Etter det kan komiteens eigne medlemmer supplere lista, men berre fram til første komitemøte rundt 1. mars. Ingen som då ikkje står på lista, kan få prisen.

Parlamentsmedlemmer og regjeringsmedlemmer i inn- og utland, tidlegare prisvinnarar, statsoverhovud og ein del universitetsfolk er blant dei som kan nominere. Donald Trump er til dømes nominert igjen av stortingsrepresentantar frå Framstegspartiet, men heller ikkje i år er han blant favorittane.

Finaleheatet

Nobelkomiteens medlemmar møtest ein handfull gongar på begge sider av sommaren. Gjennom våren blir lista over aktuelle kandidatar redusert frå meir enn 300 nominerte til berre ei handfull kandidatar.

Fleire av kandidatane på denne sokalla kortlista har stått der fleire gongar. Det er inga ulempe.

Fjorårets vinnar Dennis Muqwege var ein slik kandidat, som til slutt nådde opp. Også Verdas Matvareprogram har vore greia ut fleire gongar og kan ende opp med prisen i år.

Mykje på grunn av jobben dei gjer i Jemen med å halde liv i sivilbefolkninga i den utmattande krigen der, men også arbeidet for Rohyinga-flyktningane frå Myanmar. Dessutan har organisasjonen utvist evne til nytenking.

CzBaMZxoGZg

Favoritt hos bookmakerane. Gretha Thunberg

Foto: JIM URQUHART

Bookmakeranes favoritt

Det er kortlista som er finaleheatet, det er desse som gjennomgår den grundigaste vurderinga. Av Nobelinstituttets eigne folk og av innleigde konsulentar. Avgjerda fell i eitt av komiteens møter etter sommaren.

I år fall avgjerda om lag samtidig med at Gretha Thunberg gjekk i land for å refse verdas leiarar under FNs hovudforsamling i New York.

16-åringen har mobilisert unge menneske verda over i kamp mot klimakrisa. Ho er bookmakeranes storfavoritt til å få fredsprisen.

Samtidig er Nobels fredspris ei byrde å legge på unge skuldrer som gir sterke føringar for det vidare livsløpet.

Dette var eit poeng for komiteen då Malala Josefzai var blant favorittane i 2013, ho fekk prisen først året etter som 17-åring.

Skulle Gretha Thunberg likevel få prisen, vil ho neppe få den aleine. At klima er eitt av tidas store tema er det ingen tvil om, og Verdas Naturfond (WWF) er blant mange nominerte.

lirfgdA7910

Desse har svaret. Komiteens sekretær Olav Njølstad, komitemedlemmene Asle Toje, Anne Enger, Thorbjørn Jagland, Henrik Syse og komiteleiar Berit Reiss-Andersen.

Foto: Berit Roald

Fifteen minutes of fame

Komiteen ønskjer ein balanse mellom enkeltpersonar og organisasjonar. Mange prisar har gått til internasjonalt samarbeid. FN, Røde Kors og andre. Kampen for internasjonalt samarbeid er i kjernen av Nobels testament.

Den liberale verdsorden er under press i vår tid, kanskje talar det for ein pris til ein internasjonal organisasjon i år, ei rekke organisasjonar er nominert i tillegg til Verdas Matvareprogram.

Internasjonalt er kunngjeringa av fredsprisen Norges «fifteen minutes of fame».

På førehand er det spekulert. Hos nyheitsbyråa, i BBC, CNN og Times of India. Og NRK, for den del. Lekkasjar er det magert med.

For det meste er hemmeleg gjennom Nobelåret, og hemmelegare er det blitt med åra. Men det heile blir avrunda kvart år med feiring, seremoni og fakkeltog i Oslo 10. desember. På Alfred Nobels dødsdag.

SISTE NYTT

Siste nytt