NRK Meny
Normal

Slik dekka NRK Diana-dødsfallet

Sjå den ekstra nyheitssendinga og dei første internasjonale reaksjonane etter at prinsesse Diana døydde i ei bilulukke i Paris den 31. august i 1997.

Dødsulykken

Både Diana, vennen Dodi Fayed og sjåføren mista livet då bilen dei sat i krasja i høg fart i veggen på ein tunnel i Paris.

Foto: Pierre Boussel / AFP

Meldinga om at prinsesse Diana hadde mista livet i ei bilulukke i Paris kom som eit sjokk på morgonen 31. august i 1997. Klokka 11 hadde NRK ekstra nyheitssending på TV:

Ekstrasending om prinsesse Dianas død i 31 august 1997

Sørgande statsminister

Mange sørga i Storbritannia då meldinga kom. Dåverande statsminister, Tony Blair, kjende Diana godt, og hadde også fortrulege samtalar med henne. Det var difor ein sterkt prega statsminister som kommenterte dødsbodskapen for 20 år sidan.

Blair om Dianas død

Diana henta heim

Prins Charles var på ferie i Skottland saman med prins William og prins Harry då meldinga kom. Han reiste til Paris saman med søstrene til Diana for å hente båra heim til Storbritannia.

 Prinsesse Dianas båre på flyplassen

Ei veke seinare, den 6. september, møtte over 2000 menneske fram til gravferda hennar frå Westminster Abbey i London. Diana blei gravlagd i ein privat seremoni på ei øy på landeigedommen til Spencer-familien ved Northampton.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt