Det er den amerikanske storavisa The Washington Post som denne veka har køyrt ein artikkelserie om den enorme veksten dei ulike etterretningstenestene har hatt sidan terroangrepet mot USA 11. september 2001.
LES OGSÅ:
Kraftig vekst
Avisa har avslørt at rundt 845.000 menneske no har den høgste tryggingsklareringa i USA, og at det kvart år blir publisert 50.000 rappportar av dei ulike tryggingstenestene. Mange av rapportane blir aldri lesne.
Washington Post har funne ut at over 1270 statlege organisasjonar og 1931 private selskap er involverte i antiterrorarbeid. Dei held til på 10.000 ulike lokalitetar rundt om i USA.
Det kvite hus-talsmann Robert Gibbs forsvarar veksten i etterretningstenestene, men vedgår at det er eit mål å kutte ikkje naudsynte utgifter.
Kjenner seg ikkje igjen
- Artiklane i The Post handlar ikkje om den etterretningstenesta vi kjenner, seier David C. Gompert, som er fungerande nasjonal etteretningssjef.
Han seier at dei heile tida arbeider for å redusere det overflødige og det som ikkje er effektivt, men at det er naudsynt med ei viss overlapping mellom tenestene.
Han minner om at tenestene kvar dag oppnår suksessar som aldri blir offentleg kjende ved at dei avverjer terrorangrep mot USA.
James Clapper, mannen president Barack Obama vil ha til å bli ny nasjonal etterretningssjef, meiner fleire av oppslaga i den amerikanske storavisa er sensasjonsprega. Han er sterkt kritisk til måten avisa har framstilt amerikansk etterretning.
- Vegkart for fiendar
Anonyme tenestemenn i Obama-administrasjonen reagerer sterkt på at The Washington Post har lagt ut ei oversikt over den amerikanske tryggingstenesta. Ein anonym tenestemann seier til ABC News at berre det faktum at ei slik oversikt finst, gir grunn til uro.
Han kallar avsløringane i avisa for eit vegkart for USA sine fiendar.
Sjekk den omstridde databasen i Washington Post: