Hopp til innhold

Slår tilbake mot Carter

Det kvite hus kallar tidlegare president Jimmy Carter "irrelevant" etter at han kritiserte Bush- administrasjonen.

Jimmy Carter
Foto: Damian Dovarganes / AP

Carter sa i eit avisintervju laurdag at George W. Bush sin presidentperiode er den verste i historia når det gjeld internasjonale relasjonar.

Uvanleg skarpt svar

Tony Fratto, talsmann i Det kvite hus, svarte søndag med å kalle utsegnet frå demokraten Carter "uvøren personleg kritikk".

- Eg synest det er uheldig. Og eg meiner han viser at han i aukande grad er irrelevant når han kjem med denne typen kommentarar, sa Fratto.

Søndagens skarpe svar mot Carter frå Det kvite hus er uvanleg. Vanlegvis vert forgjengarane til den sittande presidenten behandla med stor omhu.

Bryt med tidlegare politikk

I avisintervjuet sa Carter at Bush har tatt eit radikalt steg bort frå tidlegare politikk med Irak-krigen. 

- Vi har gått til militært åtak mot eit anna land sjølv om vår eigen sikkerheit ikkje er direkte truga, forklarte Carter.

I eit anna intervju med BBC, kritiserte Jimmy Carter forholdet mellom Bush og Storbritania sin statsminister Tony Blair.

Fredsprisvinnar

Carter var amerikansk president frå 1977 til 1981.

I 2002 fekk han Nobels fredspris for sitt velgjerande arbeid.

Carter var i mot Irak-krigen også i forkant av invasjonen i 2003.

 

SISTE NYTT

Siste nytt