Hopp til innhold

Forsking i Noreg slår hol på Santorum sin pornoteori

Den amerikanske presidentkandidaten Rick Santorum hevdar at porno fører til hjerneforandring og vald mot kvinner. Men forsking i Noreg slår hôl på teorien.

Rick Santorum

Rick Santorum ligg no på ein andreplass

Foto: JONATHAN BACHMAN / Reuters

Den kristenkonservative republikanaren Rick Santorum har slått seg opp ved å vere den presidentkandidaten som fokuserer mest på tradisjonelle familieverdiar. Abort, homofili og Darwin er tema som går igjen når Santorum vil appellere til velgjarbasen sin, som i hovudsak består av evangelisk kristne.

No er det pornografien som går gjennomgå i jakta hans på nye veljarar. I eit tidlegare valkamputspel har Santorum sagt at han vil gjere porno ulovleg i USA dersom han blir den neste presidenten.

– Amerika er offer for ein pornopandemi. Obama-administrasjonen har prioritert pornoindustrien over barna og familiane i landet. Dette vil eg forandre på dersom eg blir president, sa Santorum i ein tale.

Fører til hjerneforandring

Han har grunngitt dette med å vise til forsking som seier at porno fører til seriøse hjerneforandringar som vil ha ein negativ påvkerkning både hos vaksne og born, som igjen kan føre til vald mot kvinner.

Men forskinga Santorum viser til er ikkje så eintydig som han gjerne vil gi inntrykk av.

Nettavisa The Huffington Post har teke ein gjennomgang av forskinga som er gjort på effekten porno har på hjernen. Noko av forskinga har opna for at porno kan vere skadeleg, men ingen har klart å bevise at det fører til hjerneforandringar.

Noreg bevis på det motsette

Men ein av dei rapportane som er mest positive til porno, har brukt Noreg som døme på at porno ikkje fører til mindre respekt for kvinner.

Studien, som er utført av Universitetet på Hawaii, har samanlikna pornobladar og pornonettstadar i Noreg, USA og i Japan. Desse landa vart valt fordi dei er rangert ulikt når det gjeld likestilling. Noreg ligg på førsteplass i global likestilling, USA på 15. plass, og Japan ligg på 54. plass.

Forskarane samanlikna to typar pornografiske bilete – dei med negativ og dei med positiv utstråling. Eit døme på eit bilete med negativ utstråling er av ei kvinne som er bunden fast i ein ubehageleg setting. Eit bilete med positiv utstråling viser fram det motsette – ei fri kvinne som ser inn i kameraet med sjølvtillit.

Forskarane fant at Noreg hadde den klart største parten av pornografiske bilete med positiv utstråling. Desse funna kan tolkast som at porno speglar nivået på likestilling i landet.

Speilbilete på likestillinga

– Det er eit speilbilete på kva kulturen meiner er sexy med ei kvinne, eller kva som bør vere eit seksuelt ideal, seier forskar Dana Arakawa.

Ved studien håpar dei å vise amerikanarane at dei kvinnelege pornoskodespelarane ikkje berre er stereotypiske playboykaninar. Men at kvinner i meir likestilte land kan vise at porno ikkje treng å vere fornedrande og respektlaust overfor kvinner

Ein av dei andre studiane skal ha slått fast at porno fører til ein liten auke i vald hos menn. Dette gjeld spesielt for menn med andre risikofaktorar som gjer at dei kan gjere seg skuldig i seksuell vald. Men det er liten tvil om at Santorum har bevegd seg langt vekk frå vitskapen i sitt pornoutspel.

– Det er svært enkelt å dra inn ein spesiell forskingsrapport for å backe opp synet ditt, seier Paul Wright ved Indiana-universitetet i USA.

Han meiner at alle kan underbygge synet sitt ved å isolere ein bestemt studie for å så prate om den.

Rick Santorum ligg no på ein andreplass i den republikanske nominasjonskampen, etter Mitt Romney. Han vann det siste primærvalet, som vart halde i delstaten Louisiana.

SISTE NYTT

Siste nytt