Utanriksminister Børge Brende seier dei er svært uroa for situasjonen i det unge landet. Løfta om våpenkvile blir ikkje overhaldne, samtidig som det blir meldt om stadig fleire tilfelle av etnisk retta vald, drap og valdtekt på begge sider i konflikten.
- Les også:
– Noreg fordømmer på det sterkaste alle tilfelle av etnisk basert vald og drap, hatretorikk og oppfordringar til vald i Sør-Sudan, seier utanriksminister Børge Brende til NRK.
– Partane må legge ned våpena umiddelbart, ta avstand frå vald og engasjere seg i ein brei og inkluderande politisk dialog, seier han.
Fryktar folkemord
Sist veke foreslo USA å innføre våpenboikott og andre sanksjonar mot Sør-Sudan i Tryggingsrådet i FN. Den amerikanske FN-ambassadøren Samantha Power seier landet står på kanten av avgrunnen.
Brende seier Norge støtter forslaget om våpenembargo.
– Tryggingsrådet bør også vedta målretta økonomiske sanksjonar mot personar som hindrar fredsprosessen, seier Brende.
- Les også:
Adama Dieng, FNs spesialrådgjevar for førebygging av folkemord, gjekk nyleg ut og åtvara om at det kunne utvikle seg til full etnisk krig og folkemord.
– Eg vart sjokkert av det eg fann ut, skriv han i rapporten.
Human Rights Watch skildrar angrep mot barn og spedbarn.
– Ein fire månader gamal baby blei kutta i nakken med ein machete, men overlevde. Vi har ikkje greidd å finne ut om det var soldatar frå styresmaktene eller opprørarar som utførte angrepet, skriv dei i ei fersk pressemelding.
Mora og ei fire år gamal jente blei drepne i angrepet og dumpa i ein elv.
– På kanten av stupet
Også FNs generalsekretær Ban Ki-moon har sagt at han fryktar full etnisk krig i landet, og at dei 14.000 fredsbevarande soldatane ikkje vil vere i stand til å stoppe blodbadet.
Storbritannia og Frankrike støttar forslaget om ein våpenembargo, men Russland går mot og Kina reserverer seg.
Sjølv om ein embargo er eit viktig steg mot å få slutt på valden i Sør-Sudan, er det også avgjerande at dei stridane partane legg ned våpena sine.
– Broten gang på gang
Partane har fleire gongar forplikta seg til ei våpenkvile, men løfta blir ikkje haldne.
– Våpenkvila vert broten kvar dag, og det er sivilbefolkninga som lir, seier Brende.
Han meiner likevel at det er tid igjen til å stanse den negative utviklinga.
– Det vil krevje eit politisk engasjement frå høgste hald, seier Brende.
Han oppmodar president Salva Kiir, regjeringa og opposisjonen i landet til å ta tak i situasjonen, og sørgje for å stanse valden og hatretorikken som blir brukt.
– Dette er avgjerande for å hindre at konflikten eskalerer når vi går inn i tørketida, og det blir lettare å gjennomføre militære operasjonar, seier utanriksministeren.