Hopp til innhold

Slår alarm om koalaen – ber statsministeren i Australia om hjelp

Koalaen kan i praksis vere utrydda. Det meiner koala-stiftinga AKF, som ber statsministeren i Australia om hjelp til å redde det ikoniske dyret.

Koala Australia

Koala i eit reservat i Brisbane. Her i staten Queensland er koala-bestanden kraftig redusert som følgje av tørke og hetebølgjer, ifølgje biolog Christine Adams-Hosking ved University of Queensland.

Foto: TORSTEN BLACKWOOD / Afp

Det blir færre og færre av dyra som blir omtalte som eit nasjonalsymbol i Australia. Australian Koala Foundation (AKF) meiner det er rundt 80.000 dyr igjen i landet.

Det utgjer om lag ein prosent av dei åtte millionar koalaene som blei skotne og sende til London frå 1890 til 1927 på grunn av den attraktive pelsen, ifølgje ei pressemelding frå AKF.

Dei har laga ein oversikt som viser kor mange dyr dei meiner det er igjen i dei ulike delstatane i Australia.

Stiftinga meiner at 80.000 dyr ikkje er nok for at bestanden skal kunne overleve.

Opposisjonsleder i Australia, Bill Shorten med koala

Opposisjonsleiar Bill Shorten med koala på armen under valkampen i Australia.

Foto: AP

– Statsministeren har ansvaret

No har styreleiaren i AKF skrive brev til statsminister Scott Morrison og opposisjonsleiar Bill Shorten.

– Eg ber den som er statsminister etter valet 18. mai om å setje «The Koala Protection Act» frå 2016 ut i livet. Ansvaret for koalaen si framtid ligg i statsministeren sine hender, skriv Deborah Tabart i brevet.

Deborah Tabart Australian Koala Foundation (AKF)

Deborah Tabart er styreleiar i Australian Koala Foundation.

Foto: AKF

Tabart seier til NRK at det er på høg tid at styresmaktene kjem meir på banen.

– Koalaen blei erklært som ein sårbar dyreart i 2012. Men det er ikkje vedtatt nokon plan for å følgje opp dette gjennom lovverket, seier ho.

Deborah Tabart fortel at talet på koalaer som må behandlast på sjukehus er dramatisk høgt, og at mange dyr aldri kan sendast tilbake til naturen fordi dei døyr.

– Begge parti seier at det er viktig å ta vare på miljøet. Det ville vere ein god start om dei tok ansvar for å bevare koala-skogane, som dekkjer 20 prosent av Australia, seier ho.

Men ikkje alle er samde i at situasjonen for koalaene er så dramatisk som AKF gir uttrykk for. Biolog Christine Adams-Hosking ved University of Queensland seier til New Scientist at koalaen ikkje står i fare for å bli utrydda i heile Australia.

Ho stiller spørsmål ved AKF sitt estimat om at det er berre 80.000 koalaer igjen i landet. I 2016 estimerte ho og kollegaene hennar at talet ligg på rundt 300.000, eit tal AKF på det sterkaste avviser.

Men Adams-Hosking vedgår at bestanden kan komme til å forsvinne på «lokalt nivå». Queensland og New South Wales er to statar der bestanden er kraftig redusert.

KOALA

Koalaen – eit populært dyr i Australia.

Foto: MARIUS BECKER / AFP

Manglar energi

Koalaen er eit pungdyr som berre finst i Australia. Dyret lever i tre, og livnærer seg for det meste på blad frå eukalyptustreet. Det gir koalaen lite energi. Han søv 18–20 timar i døgnet, og flytter seg frå tre til tre – helst om natta.

På grunn av energimangelen flytter dyret seg sakte. Dersom koalaen skal krysse ein veg, kan det lett skje at han blir køyrt ned.

Innskrenka leveområde på grunn av avskoging, hundeangrep, påkøyrsler, tørke, hetebølgjer og sjukdom blir rekna som dei største truslane mot koala-bestanden i Australia.

– Gjennom 31 år har eg sett på nært hald kor alvorleg situasjonen er blitt rundt om i landet. No er mange elvar tørre, og område som før var trygge for koalaene, er ikkje lenger trygge, seier Deborah Tabart i Australian Koala Foundation (AKF).

– Nasjonalskatt

I fjor la australske styresmakter fram ein plan for å redde koala-bestanden frå utrydding. 275 millionar kroner blei sette av til ulike tiltak, som etablering av nye reservat, trafikksikring og til tiltak for å hindre sjukdom.

– Koalaer er ein nasjonalskatt, sa statsministeren i delstaten New South Wales, Gladys Berejiklian, då planen blei lagt fram.

– Det hadde vore ei skam om vi ikkje sikra framtida til dette nasjonalt ikoniske pungdyret, sa ho.

SISTE NYTT

Siste nytt