NRK Meny
Normal

Slagsmål i den sørafrikanske nasjonalforsamlinga

Det braut ut slagsmål i den sørafrikanske nasjonalforsamlinga i ettermiddag rett framfor president Jacob Zuma, som skulle halde sin årlege tale om rikets tilstand.

Det braut ut slåstkamp i det sørafrikanske nasjonalforsamlinga i ettermiddag rett framfor president Jacob Zuma som skulle halde sin årlege tale om rikets tilstand

Det brutale slagsmålet braut ut mellom medlemmer av opposisjonspartiet Economic Freedom Fighters (EFF) og rundt 30 sikkerheitsvakter kledd i kvite skjorter.

LES OGSÅ: President Zumas skjebne avgjøres nå

Det skal ha blitt brukt tåregass og peparspray på det offentlege galleriet i nasjonalforsamlinga idet EFF-medlemmer blei kasta ut.

Sør-Afrikas president Jacob Zuma

OMSTRIDT: Sør-Afrikas president Jacob Zuma. Her frå han besøkte flaumramma område i Johannesburg i Sør-Afrika i november 2016.

Foto: Gianluigi Guercia / AFP

Ordstyrar Baleka Mbete i nasjonalforsamlinga hadde fleire gonger åtvara EFF-medlemmer, inkludert leiar Julius Malema, om å forlate salen fordi dei stadig prøvde å forhindre presidenten i å halde talen sin.

Til slutt bad Mbete om å få opposisjonens representantar fjerna. Då sikkerheitsvaktene kom starta slåstkampen. Med slag og spark gjekk dei laus på EFF-medlemmene.

Partiet har dei siste tre åra forsøkt å hindre Zuma i å halde den årlege talen om rikets tilstand, og det har ført til kaos i forsamlinga.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt