Hopp til innhold

Slagplan frå Noreg og Brasil i Doha

Noreg og Brasil har i ettermiddag lagt ein slagplan for korleis dei skal få til ei forlenging av Kyoto-avtalen.

Ban Ki-moon Doha

FNs generalsekretær Ban Ki-moon er på plass i Doha. I ettermiddag startar høgnivådelen under FNs klimakonferanse.

Foto: Eivind Molde / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
Eivind Molde i Doha

– Dette er ei krise, åtvara FN sin generalsekretær Ban Ki-moon under opninga av høgnivådelen av klimaforhandlingane i Doha tysdag.

Ein knippe statsleiarar og nærare hundre statsrådar er samla i hovudstaden i Qatar, der dei skal forhandle om forlenging av Kyoto-avtalen, som utløper ved nyttår.

– Klimaendringar er eit trugsmål mot oss alle. Våre økonomiar. Vår tryggleik. Og velferda til våre born og etterkomarar, sa FN-sjefen.

Blanda kjensler

Bård Vegar Solhjell

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell er klart til å ta fatt på arbeidet med å dra ein ny Kyoto-avtale i land.

Foto: Eivind Molde / NRK

I tillegg startar forhandlingar om ei ny global klimaavtale, som skal tre i kraft frå 2020.

Ban sa også at har er fullt klar over at det er blanda kjensler hjå dei mange delegatane om kvar vegen bør gå vidare.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell har god tru på at det skal verte mogleg å dra i land ein avtale under klimakonferansen i Qatar.

– Men det blir svært krevjande, seier han.

Slagplan

Noreg og Brasil har i ettermiddag lagt ein slagplan for korleis dei skal få det til.

Solhjell jobbar saman med statssekretær og neste klimaminister i Brasil, Luiz Alberto Figueiredo Machado.

Bård Vegar Solhjell , L.A. Figueiredo Machado

Bård Vegar Solhjell og den frå Brasil som han skal samarbeide med: Statssekretær og neste klimaminister i Brasil, Luiz Alberto Figueiredo Machado.

Foto: Miljøverndepartementet

– Me har diskutert korleis me skal få til semje om Kyoto 2. I byrjinga kjem det til å vere sonderingssamtalar. Me kjem til å snakke med viktige enkeltland- og grupperingar, høyre deira synspunkt og finne ut av kva som er dei sentrale tema som må løysast for å verte einige om ein avtale, seier han.

– Korleis vurderer de to situasjonen no?

– Det er «løysbart», men kronglete, med mange småtemaer att til slutt. Samstundes veit me kven dei sentrale aktørane er, EU er ein tung aktør og ein del viktige u-land er andre. No må me skaffa oss oversikt over det. Min brasilianske kollega er ein svært erfaren klimaforhandlar og politikar, seier Solhjell.

Alvor

– Trur du ein Kyoto-avtale er i boks fredag kveld?

– Eg trur me skal kome i mål med ei avtale, men eg veit det ikkje. Og eg vil i allefall ikkje kome med eit tidspunkt. Eg har god tru på ei avtale, men er langt frå sikker, fordi det står att ganske mange moment før me har semje, seier Solhjell.

Miljøvernministeren skal i alle fall gjere det han kan for å dra i land avtalen.

– Det vil vere veldig alvorleg om me ikkje klarar å bli einige om ein avtale her. Det er jo det viktigaste og mest konkrete utfallet av dette toppmøtet. Den einaste internasjonale og bindande avtala me i såfall vil ha. Det er difor eg legg så stor vekt på å få til Kyoto 2, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt