NRK Meny
Normal

Skyting ved Det kvite hus i Washington

Det kvite hus i Washington D.C. vart i kveld norsk tid avstengt etter ein skyteepisode utanfor porten. Ein person er kritisk såra.

Skyting ved Det kvite hus.

Tryggingsvakter vaktar inngangen til Det kvite hus etter skytinga i kveld norsk tid.

Foto: Andrew Harnik / Ap

White House Shooting

Situasjonen ved Det kvite hus skal vere avklart. Ei tryggingsvakt er i posisjon like ved ei av søylene i inngangspartiet.

Foto: Andrew Harnik / Ap

President Barack Obama var ikkje i bygningen då skytinga skjedde. Han spelte golf på flybasen St. Andrews i Virginia, blir det opplyst. Visepresident Joe Biden var der, men han vart rutinemessig teken til eit spesielt tryggingsrom.

CNN melder at vakter utanfor porten til Det kvite hus skaut mot ein mann medan han gjekk mot tryggingsvaktene med eit våpen. Mannen er kritisk såra og er teken til sjukehus, opplyser politiet.

Dei gjer det klart at mannen aldri greidde å kome seg inn på området til Det kvite hus.

Skytinga skjedde på vestsida av den amerikanske presidentbustaden. Washington Post melder at skytinga skjedde i West Executive Drive, få meter frå Det kvite hus.

Like etter klokka 22 norsk tid opplyser ein talsmann for Det kvite hus at avstenginga er avslutta, og at situasjonen er normal.

Ein talsmann seier at ingen inne i Det kvite hus eller som har noko med bygningane å gjere, er såra, og at alle inne i presidentbustaden er trygge. Talsmannen seier også at presidenten er orientert om det som har skjedd.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt