Hopp til innhold

Skyting på grensa Libanon-Israel

Tre menneske vart lettare såra då ein rakett frå Sør-Libanon slo ned i den israelske grensebyen Maalot i dag tidleg.

Israelske soldatar sjekkar restane av raketten som landa i Israel.

Israelske soldatar sjekkar restane av raketten.

Foto: STR / REUTERS

Israelske styrkar svarte med å skyte artillerigranatar mot området der raketten kom frå.

Det vart skote to rakettar mot Israel frå Sør-Libanon, men den eine landa på libanesisk side av grensa.

Det er uklart kva gruppe som stod bak skytinga frå Sør-Libanon, men Hizbollah har gått ut og sagt at det ikkje er dei som har avfyrt rakettane.

Kontrollpostar

FNs fredsstyrkar i området har sett opp kontrollpostar og hindrar folk i å ta seg inn i området, blir det opplyst. Lokal innbyggjarar i Sør-Libanon flykta i panikk då israelske styrkar skaut tilbake, men det er ikkje meldt om såra på den libanesiske sida av grensa.

Soldatar frå FN-styrken i området og libanesiske regjeringssoldatar har lokalisert staden der rakettene vart avfyrte frå. Det var ein sitronplantasje nær landsbyen El-Hanniyeh, rundt 10 kilometer frå grensa. Området er kontrollert av Hizbollah og Amal-partiet.

I januar, under krigen på Gazastripa, vart det skote fleire rakettar frå Sør-Libanon mot Israel. Ingen grupper tok på seg ansvaret for angrepa, men observatørar meiner det er sannsynleg at ei av dei palestinske gruppene i Libanon stod bak.

To drepne i Gaza

På Gazastripa vart to palestinarar drepne i ein eksplosjon nær grensa til Israel. Ein offisiell talsmann seier dei vart drepne av israelske granatar, medan vitne fortel til AFP det oppstod ein eksplosjon då dei to prøvde å skyte granatar mot Israel.

Dei såra oppheldt seg i dette kjøkkenet då raketten ramma.

Dei såra oppheldt seg i dette kjøkkenet då raketten ramma.

Foto: EVN
Tre israelarar vart såra i eit rakettangrep frå Sør-Libanon

Tre israelarar vart såra i eit rakettangrep frå Sør-Libanon

Foto: EVN

SISTE NYTT

Siste nytt