Hopp til innhold

Fem personar skadde etter skyting på nattklubb i Marbella

Fem personar vart frakta til sjukehus etter skyting på ein nattklubb i Spania. Mannen som skaut vart etterpå knivstukken. Norske Celine (27) og venninnene måtte springe for livet.

PANIKK: Det var kaotiske scener då det vart fyrt av skot på den spanske strandklubben.

NRK melde i ein tidlegare versjon av denne saka at ei kvinne vart drepen i skytinga. Spansk politi har seinare opplyst om at dei «ikkje er klar over dødsfall» etter skytinga.

Skytinga skal ha skjedd i den populære spanske feriebyen Marbella natt til måndag.

Det var VG som først melde om skyting på nattklubben, etter å ha vore i kontakt med det lokale politiet.

Ifølge den spanske avisa El Confidencial vart det også brukt kniv.

Ein krangel eskalerte

Det heile skal ha starta etter ein krangel mellom to grupper menn på nattklubben «Opium Beach Club Marbella».

Først vart det knust flasker. Nokon tok fram kniv, og så vart det fyrt av skot.

Krangelen skal ha starta klokka 01.10. Fleire personar fekk kniv- og skotskadar, og er frakta til sjukehus i Costa del Sol.

Fire personar vart skotne, opplyser det lokale politiet til NRK. Den femte av dei skadde er skyttaren sjølv.

Ifølge The Irish Sun er den eine av dei skadde irsk. Han vart skoten i brystet, og er alvorleg skadd. Ei kvinne er også alvorleg skadd. Fleire vitne har rapportert om at ho låg livlaus på golvet på strandklubben.

Personen som skaut skal vere nederlandsk, ifølge fleire nederlandske aviser.

Bilete av blod, glasskår og flasker på gulvet til Opium Beach Bar i Marbella, Spania.

Blod, glasskår og flasker på golvet viser litt av dramatikken som føregjekk på strandklubben i Spania.

Foto: EL MUNDO

Vitne: – Skjønte ikkje kva som skjedde

Celine (27) frå Oslo er på jentetur i Marbella saman med venninnegjengen. Dei var på strandklubben då kaoset braut ut.

Ifølge henne oppstod det ein slåsskamp på scena bak DJ-en.

– Vi høyrde skot, men vi skjønte ikkje heilt kva som skjedde. Då vi begynte å springe, høyrde vi to skot til, seier ho til NRK.

– Det oppstod trengsel, og det var veldig kaotisk. Alt gjekk ganske fort, legg ho til.

Alle fire venninnene er uskadde, men dei er sjokkerte over det som skjedde.

– Vi fekk lite søvn i natt. Eg har hatt mareritt. Ein blir litt sett ut av heile greia, og vi skjønar ikkje heilt kva vi har vore med på, seier 27-åringen til NRK.

Venninnegjengen skulle etter planen heim att i morgon, men er råka av SAS-streiken.

Bilete av scena til Opium Beach Club, der det var skyting natt til måndag 18. juli. Det er raude og blå lys på publikum, som står med ryggen mot biletet. Elles ser ein fleire mobilar i lufta for å fange opp det som skjer på scena.

Det var på nattklubben «Opium Beach Club Marbella» det var skyting og knivstikking natt til måndag.

Foto: NRK-tipsar

Trudde nokon opna ei champagneflaske

NRK har vore i kontakt med eit anna vitne, som fortel at ho høyrde minst fem skot.

– Eg reagerte ikkje først. Eg trudde det var ei champagneflaske som vart opna.

Saman med tre andre venninner var dei i VIP-området bak DJ-en, og fekk med seg scenene som utspelte seg då krangelen starta.

Plutseleg var det fullt kaos på strandklubben.

– Folk var hysteriske. Eg blei dregen ned på golvet frå sofaen eg sto i. Det var heilt kaotisk og uoversiktleg, seier 25-åringen, som ikkje ynskjer at NRK brukar namnet hennar.

Venninnene har trakka på glasskår og fått litt skrubbsår. Dei sov ikkje noko særleg i natt, og sat oppe for å prate om det som skjedde.

– Vi er takknemlege for at det gjekk så bra. Vi er heldige, seier ho til NRK.

Gjerningsmann på sjukehus med stikkskadar

Mannen bak skytinga er frakta til sjukehus. Han er under politiovervaking. Han skal ha fått stikkskadar mot hovudet og brystet, fortel lokalt politi til NRK. Tilstanden hans skal vere alvorleg.

Ifølge det eine vitnet NRK har vore i kontakt med, vart skyttaren lagt i bakken av fire menn før han vart knivstukken fleire gonger.

Det skal ha oppstått panikk då alle forsøkte å komme seg ut av lokalet. Både lokale og nasjonale politipatruljar, og fleire ambulansar rykte ut til strandklubben. Vegane var stengde.

Skytinga har skjedd på ein nattklubb i Marbella i Spania.

Nederlandsk realitydeltakar: – Livredd

Fleire videoar i sosiale medium viser folk på bakken på nattklubben etter angrepet.

Marbella er ein populær ferieby med eit yrande uteliv.

Den sørafrikanske DJ-en «Black Coffee» skal ha vore på utestaden natt til måndag. Han skriv i Instagram sin historiefunksjon at han håpar alle kom seg trygt heim frå utestaden.

Ifølge spanske aviser var nevøen til den spanske kongen Felipe på nattklubben for å feire bursdagen sin saman med vener.

Den nederlandske Love Island-deltakaren Kelly van der Minne var også der. Ho seier til nederlandske Algemeen Dagblad at ho blei liggande livredd på golvet i ti minutt.

SISTE NYTT

Siste nytt