Hopp til innhold

Skytevåpen tilbake på Wal-Mart

Verdas største varehuskjede, Wal-Mart, startar opp att våpensalet i halvparten av butikkane sine i forsøk på å dra fleire kundar.

Wal-Mart-varehus i New York

Wal-Mart trappar opp skytevåpenutsalet til å gjelda halvparten av sine 4000 varehus.

Foto: SPENCER PLATT / Afp

Wal-Mart har hatt ein lang nedgangsperiode med raude salstal i sju kvartal på rad. No håpar dei at gevær, hagler og ammunisjon i hyllene kan vera med på å skaffa meir klingande mynt i kassen, ifølgje CNN

Fem år etter at dei fjerna skytevåpen frå majoriteten av butikkane sine, opplyser den amerikanske kjeda at rifler og kuler skal tilbake i sortimentet i mange av varehusa sine.

2000 butikkar får våpensal

I dag er våpen til sals i om lag 1300 Wal-Mart butikkar. Kjeda utvidar snart våpensalet til å gjelda halvparten av dei totalt 4000 varehusa sine.

Utvidinga gjeld ikkje handvåpen, som berre er tilgjengeleg i Wal-Mart-varehus i Alaska.

I det offentlege utsegnet frå Wal-Mart heiter det at dei skal utvida utvalet og gå tøffare inn i priskrigen med konkurrentane, som eit frieri til forbrukarane.

Fjerna våpen i 2006

I 2006 fjerna Wal-Mart våpen og ammunisjon frå majoriteten av varehusa sine. Kjeda sjølv peika på låg etterspurnad som årsaka, og viste til innføringa av ein ny strategi som skulle gjera selskapet meir lydhøyre overfor lokal variasjon blant forbrukarane.

Det høyrer likevel med til historia at både Wal-Mart og erkerival KMart Corp. har fått kritikk for å vera for slarvne med bakgrunnskontrollar av kundane, trass i forsøk på innskjerpingar av både rutiner og regelverk.

Avgjerda om å kutta ned på våpensalet i 2006 blei hylla av amerikanske forkjemparar for strengare våpen-kontroll, medan jaktinteresserte i utkantstrok var blant dei som var negative.

– Grundig kundesjekk

Ifølgje talsperson Lorenzo Lopez er det særleg i område der jakt og fiske er populære aktivitetar at dei no vil utvida skytevåpen-tilbodet.

– Me ser at det er ein større etterspurnad etter våpen visse stader på grunn av sportslege interesser, seier Lopez til CNN.

Han understrekar at kundane vil måtte fylla ut naudsynte skjema og gjennomføra bakgrunnssjekkar før dei får geværet med seg i handleposen.

I fjor fastslo USAs høgsterett at det er ein borgarrett å kunne eiga og bera eit våpen.

SISTE NYTT

Siste nytt