Hopp til innhold

Skytedrap på britisk atomubåt

Ein person er drepen og ein annan har fått livstrugande skadar etter ein skyteepisode om bord på ein britisk atomubåt.

Skyting på britisk atomubåt

To personar blei fredag ettermiddag skotne om bord på atomubåten HMS Astute.

Foto: Sky News

Britisk politi opplyser at ein mann er pågripen etter skytinga som skjedde om bord på HMS Astitute i 13-tida fredag.

Styresmaktene understrekar at ugjerninga ikkje er terror-relatert.

– Folk treng ikkje å uroa seg. Skyteeisoden er ikkje ein terrorhandling, seier ein politimann til den britiske avisa Daily Mail.

Arbeidde på ubåten

HMS Astute

HMS Astute.

Foto: Andy Buchanan / Afp

Skytinga skjedde medan undervassbåten låg til kai i den engelske hamnebyen Southampton. Ifølgje Daily Telegraph var det under eit vaktbyte at mannen tok fram pistolen og losna skot.

Ein person er drepen av skyteskadane, medan ein annan svevar mellom liv og død. Begge ofra har ifølgje det britiske forsvarsdepartementet tilknyting til den britiske marinen.

Britiske media spekulerer i om ofra er marineoffiserar, men dette er ikkje stadfesta av styresmaktene.

Ifølgje Sky News er gjerningsmannen tilsett i den Kongelege marinen og tenestegjorde om bord på ubåten. Ein pistol blei brukt som drapsvåpen, og motivet for skytinga er ukjend.

– Politiet og forsvaret forsøker no å finna ut kva som har skjedd, seier ein talsmann for politiet til Daily Mail.

HMS Astute

Her legg den 97 meter lange ubåten HMS Astute til kai i Southampton i England onsdag 6.april i år.

Foto: Chris Ison / Ap

Borgarmeister om bord

Borgarmeisteren i byen var også om bord i båten, men skal ikkje vera skadd.

Området er no sperra av, og det er sett opp ei tryggingssone på 50 meter rundt ubåten som vert patruljert av politiet.

HMS Astute er ein atomdriven, 97 meter lang ubåt. Den hadde ein prislapp på over 10,5 milliardar norske kroner, blei sjøsett i 2007 og er den nyaste og mest avanserte ubåten i Storbritannia sin flåte.

Ubåten, med sine 98 besetningsmedlemmer, hadde vore til havs i 46 dagar då dei la til kai i Southampton onsdag denne veka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt