Hopp til innhold

Skulle rapportere frå gravferd - vert angripne av israelske soldatar

Ein israelsk soldat spring, tek journalistens opptaksutstyr og sleng det hardt i bakken. Litt etter vert også journalisten lagt i bakken. Ein video av israelske soldatars brutale framferd mot journalistar frå nyheitsbyrået AFP, vekker reaksjonar.

To journalistar frå nyheitsbyrået AFP vart angripne av israelske soldatar då dei skulle dekke demonstrasjonar i samband med ei gravferd.

Videoopptaket som er gjort av mediegruppa, Palmedia, viser israelske soldatar som går til angrep på to journalistar frå AFP.

Journalistane var til stades ved landsbyen Beit Furik for å dekke gravferda til Ahmed Khatatbeh.

Den 26 år gamle mannen skal ha døydd av skotskadar som han fekk då israelske tryggingsstyrkar skaut mot han. Israel seier Khatatbeh og ein annan mann kasta bensinbomber på eit køyretøy som var på veg mot den jødiske busetnaden Itamar, skriv AFP.

– Knuste kamera

Fleire tusen hadde møtt fram for å vere med på gravferda, og dei to journalistane frå AFP ville dekke hendinga. Italienske Andrea Bernardi og den palestinske fotografen Abbas Momani hadde kome fram til landsbyen då dei vart stansa på brutalt vis.

– Dei hadde passert første kontrollpunkt med grensepoliti, med pressekorta sine, utan problem. Andrea tok ein liten pause for å sjekke kamerat sitt, og mens han gjorde det kom ein soldat plutseleg opp, sa at han skulle stanse å filme og dytta til kamera. Deretter tok han kameraet og knuste det, fortel AFP-sjef Thomas Cox.

– Pistol mot hovudet

På videoen som er filma av mediegruppa Palmedia som jobbar spesielt med palestinske tema, så kan ein sjå at Bernardi og Momani går bort frå opptrinnet.

Men i neste klipp kjem nokre israelske soldatar tilbake, tek journalistane sitt fotoapparat og kastar også det hardt i bakken. Ifølgje AFP skal dei også ha tatt batteri og minnekort frå Momani sine lommer.

Italienske Bernardi gjekk etter kvart tilbake til restane av videokameraet for å sjekke dei. Han vart då overfallen av ein israelsk soldat som legg han i bakken. På videoen ser ein dei to hamnar bak soldatane sin bil. Der skal, ifølgje AFP, Bernardi ha fått ein pistol retta mot hovudet.

Angrep også i april

Bernardi kallar dei heile galskap, og seier han ikkje gjorde noko gale. Fleire tusen skal ha møtt fram til gravferda som enda i samanstøytar. Journalistane skal ha dekka desse samanstøytane kort tid før soldatane knuste opptaksutstyret deira, skriv AFP sjølve.

Den israelske hæren seier at dei etterforskar hendinga, og at saka ligg på bordet hos dei øvste sjefane i hæren. Ein talsmann for hæren seier også at dei vil utføre dei tiltaka dei meiner er naudsynte etter hendinga.

Også 24. april i år skal AFP-journalistar ha blitt angripne av israelske soldatar. Det var den same palestinske fotografen og ein annan AFP-journalist som då vart angripne av steinkastande israelske soldatar. Også det opptrinnet vart filma, og leiinga i den israelske hæren lova å følge opp saka med dei soldatane som var blanda inn i hendinga.

SISTE NYTT

Siste nytt