I arbeidet med doktorgradsavhandlinga si hadde Fares gledd seg til fire månader på Boulder University i delstaten Colorado. Han har både innreisepapira og arbeids- og opphaldsløyvet i USA i orden. Han synest det er skremmande at USA no ope diskriminerer menneske ut frå religion, etnisitet og nasjonalitet.
– Dei seier at det ikkje er eit forbod mot muslimar, men i realiteten er det det, seier Murhaf Fares til NRK.
Presidentordre
Muhraf Fares har fått visum til USA.
Foto: NRKDet var sist fredag at USAs nyinnsette president Donald Trump skreiv under ein presidentordre om omfattande endringar i utlendingspolitikken for å hindre islamistiske terroristar i å kome til landet.
Alle flyktningar blir nekta tilgjenge til USA i ein periode på 120 dagar, medan syriske flyktningar blir stengde ute inntil vidare. Det er eit generelt innreiseforbod på 90 dagar for menneske frå Iran, Irak, Libya, Somalia, Sudan, Syria og Jemen.
Murhaf Fares kom til Universitetet i Oslo som student i 2011, og han har vore knytt til institusjonen sidan. Han arbeider med doktoravhandlinga si i forskargruppa for språkteknologi.
– Diskriminering
– Ein skulle tru at eg var på same nivået som kollegaene mine, men det er eg ikkje. No får eg ikkje samarbeide med andre forskarar i USA, og då er det noko som ikkje stemmer. Det er diskriminering basert på noko eg ikkje har valt. Eg vart fødd som syrar, men det som betyr noko er det eg jobbar med. Eg jobbar saman med folk frå heile verda, eg trudde vi skulle ha like rettar, seier han.
Han kan ikkje akseptere å bli utsett for diskriminering, men han fokuserer likevel på det faktum at det er mange som har det verre enn han.
– Det kjennest ikkje bra, men på den andre sida, eg veit at eg har det bra, eg har ein jobb eg kan halde fram i og kollegaer som støttar meg. Då er det mykje verre for til dømes flyktningane som bur i leirar i Hellas, og som ikkje veit kva som vil skje, legg han til.
Doktorgradsstipendiaten Murhaf Fares saman med kona Zeina Bali.
Foto: NRK
Akademisk boikott
Murhaf Fares meiner at, dersom ikkje USA endrar denne politikken, så bør akademikarar slutte å leggje samlingane sine til landet. Då trur han det vil bli naudsynt med ein slags akademisk boikott.
Han meiner at det er viktig at andre land protesterer overfor USA mot utestenginga av menneske frå muslimske land
Den syriskfødde forskaren og kona Zeina Bali har gledd seg til opphaldet i USA. Både broren hans og broren hennar bur i USA, og dei har ikkje møtt kvarandre sidan 2013.