20. april 1999 skaut to elevar ved Columbine High School 12 medelevar og ein lærar, før dei tok sine eigne liv. 21 personar blei såra i angrepet. Dette var ei av dei første skuleskytingane i USA, og framleis ei av dei som har kravd flest liv.
I tida etter Columbine-massakren har USA opplevd ei kraftig auke i skuleskytingar, og mange meiner gjerningspersonane har vore inspirert av hendingane i Littleton i 1999. Dei mange skytingane har ført til ein debatt om væpna vakter ved amerikanske skular.
Regissøren Michael Moore tok utgangspunkt i hendingane på Columbine då han tok føre seg den amerikanske våpenkulturen i dokumentarfilmen «Bowling for Columbine» frå 2002.
- Les:
Lei av «massakreturisme»
I dei 20 åra som har gått sidan tragedien, har hundrevis av turistar oppsøkt skulen for å oppleve staden der dei fryktelege hendingane skjedde.
Få dagar før 20-årsdagen for skytingane blei ei væpna kvinne sett i området rundt skulen. FBI frykta ho ville gjennomføre ein ny massakre 20 år etter, og stengde skuleområdet. Kvinna blei seinare funnen død.
- Les:
- Les:
No har skuleleiinga sett seg lei på valfartinga, og har sendt ut eit ope brev der dei ber om at skulen blir vurdert riven og bygd opp på nytt.
– Ekspertar på skulesikkerheit meiner i dag at ein bør rive bygningar der det har vore skuleskytingar. Og sidan den morbide fasinasjonen for Columbine har auka med åra, og ikkje minka, meiner vi det er på tide at vi spør oss kva vi skal gjere med dagens Columbine-bygning, skriv skuleinspektør Jason Glass i brevet.
Styresmaktene vurderer no om dei skal rive heile skulen, utanom biblioteket som blei bygd etter massakren, og bygge opp ein ny. Dei ber no innbyggarane om råd gjennom ei spørjeundersøking på nett.
Delte meiningar
Brevet har allereie ført til debatt blant dei som overlevde skuleskytinga i 1999. For mange har besøk på skuleområdet vore viktig for å kome seg vidare i livet.
36 år gamle Will Beck var nyleg tilbake på skuleområdet saman med sine tre små barn for å vise dei kvar han gøymde seg under skytinga og korleis han kom seg unna. Han seier til National Public Radio at det vil vere synd om skulen blei riven.
– Eg blei fortvila over tanken på å miste det. For meg er skulen ein veldig spesiell stad.
Medan andre meiner det berre er å rive skulen.
– Det er menneska som er Columbine. Det er dei som har håp og styrke. Vi treng ikkje bygningar, seier Frank De Angelis, som var rektor ved Columbine i 1999, til kanalen.
Riving og gjenoppbygging har vore gjort etter fleire av masseskytingane i USA. Sandy Hook Elementary School i Newton, Connecticut, blei riven i 2013 og bygd opp på nytt, etter 28 menneske, mange av dei små barn, blei drepne ved skulen i 2012.
- Les: