Hopp til innhold

Minst 120 skulejenter forgifta i Afghanistan

Meir enn 120 skulejenter er vortne forgifta i Afghanistan. Det er det andre åtaket på skulejenter på like mange månader.

Skulejenter i Afghanistan

UNDER ÅTAK: Jenter på skulen er upopulært blant konservative islamistiske krefter i Afghanistan. I dag vart nok ein jenteskule angripen med gift.

Foto: ADEK BERRY / Afp

Åtaket skjedde nord i Afghanistan, i Takhar-provinsen. I fylge afghansk politi og utdanningsmyndigheiter står radikale, konservative islamistar i Taliban bak åtaket, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Gifta som vart nytta er førebels ikkje identifisert, men stoffet forureina lufta i klasseromma, og massar av elevar svima av.

Dei afghanske etterretningsmyndigheitene seier Taliban har ein klar strategi bak åtaka på jenteskulane.

– Dette er del av ein våroffensiv. Ved å forgifte jentene skapar dei frykt. Dei vonar at dette vil hindre foreldra i å sende ungane deira til skulen, seier talsmann for etterretningsmyndigheitene, Lutfullah Mashal.

I 2001 vart jenteskular opna opp att, etter USAs invasjon av Afghanistan sette ein stoppar for Taliban-styret. 2014 er året alle internasjonale militære styrkar skal ut av landet, og myndigheitene trur at Taliban no prøver stenge så mange skular som mogleg før det. Førre veke uttalte det afghanske utdanningsdepartementet at 550 skular i Taliban-kontrollerte provinsar no er stengde.

Førre månad vart 150 jenter forgifta ved ein skule – òg då i Takhar-provinsen. Den gongen var det drikkevatnet ved skulen som vart forureina.

SISTE NYTT

Siste nytt