Hopp til innhold

Skulebygning kollapsa – 60 born sakna i ruinane

50 menneske er berga ut av ruinane av ein skule i den nigerianske storbyen Lagos i Nigeria. Så mange som 60 kan framleis vere innestengde etter at bygningen kollapsa, og BBC melder at minst 10 born har mist livet.

Bygningskollaps i Lagos.

Ein gut er berga ut av ruinane av den treetasjars bygningen, som blant anna husa ein skule med rundt 100 elevar.

Foto: Segun Ogunfeyitimi / AFP

Det er sett i verk ein større bergingsaksjon, og det er godt håp om å finne fleire i live. Skulen hadde lokale i øvste etasje i bygningen i det tett folkesette nabolaget Ita Faji på Lagosøya. Det eksakte talet på sakna er uklart, men folk i nabolaget seier at det var rundt 100 elevar ved skulen.

Bygningskollaps i Lagos.

Ein gut er berga ut av ruinane. Han verkar ikkje ha alvorlege skadar, men er desorientert og dekt av bygningsstøv.

Foto: Sunday Alamba / AP

Det er ikkje klart kor mange menneske som var inne i bygningen i tillegg til dei rundt 100 skuleelevane. Nyheitsbyrået AFP melder at det var snakk om ein «illegal skule», utan at det er forklart nærmare.

Ved 22-tida i kveld opplyser krisedepartementet i Lagos at nesten 50 er berga ut av den samanraste bygnngen, og at åtte personar er stadfesta omkomne.

Mange born berga ut

Mange frivillige hjelper til med å få ut overlevande, og mange menneske har samla seg rundt ruinane av bygningen. Ein kan høyre jubelrop når eit barn blir berga ut, og ambulansar står klare til å køyre elevane til sjukehus.

Vitne fortel at borna som er berga ut i live var medtekne og dekte av bygningsstøv, men mange av dei verka å ikkje vere alvorleg skadde.

Shina Tamiyu, beredskapssjef i Lagos, seier til nyheitsbyrået AP at dei enno ikkje veit kor mange som har mist livet i bygningskollapsen. Augevitne fortel at fleire døde er tekne ut av ruinane.

Bygningskollaps i Lagos.

Ei lita jente er berga ut av ruinane etter bygningskollapsen i Lagos.

Foto: Afolabi Sotunde / Reuters
Bygningskollaps i Lagos.

Denne guten var ein av dei heldige som vart berga ut av den samanraste bygningen.

Foto: Segun Ogunfeyitimi / AFP

Dårleg bygningsstandard

Det er ikkje uvanleg med bygningskollapsar i Lagos, den største byen i Nigeria med nær 20 millionar innbyggjarar. Mange huseigarar byggjer ekstra etasjar på bygningane utan godkjenning frå styresmaktene. Nybygg blir sette opp utan godkjenning, og bygningsstandarden i dei fattige bydelane er generelt svært dårleg.

Bygningen der skulen held til kollapsa rundt klokka 10 onsdag føremiddag, og bergingsarbeidet held fram for fullt. Mørket vanskeleggjer leitinga, men det er framleis håp om å finne fleire i live i ruinane.

Bygningskollaps i Lagos

Ein gravemaskin arbeider i ruinane av den samanraste bygningen. Fleire hundre menneske deltek i redningsarbeidet.

Foto: Sunday Alamba / AP

SISTE NYTT

Siste nytt