Dei fire er ytterleggåande islamistar. Tre av dei vart funne skuldige i å føre krig mot den indiske staten, og den fjerde vart funnen skuldig i å ha halde tilbake viktige opplysningar for politiet.
Indiske kommandosoldater ved parlamentet i desember i fjor. (Reuters-foto)
Det var 13. desember i fjor at fem væpna islamistar tok seg inn på området til nasjonalforsamlinga. Dei rakk å drepe åtte vaktmenn og ein gartnar før dei sjølve vart skotne og drepne av vaktstyrkane.
Angrepet på nasjonalforsamlinga førte neste til krig mellom India og Pakistan. Indiske styresmakter gav Pakistan skulda for angrepet, og landet sende store styrkar til det omstridde grenseområdet Kashmir. Pakistan svarte med også å sende styrkar til området, og det var svært spent i fleire veker.
Straffeutmålinga i saka skjer ikkje før i morgon, men dei tre med den mest alvorlege tiltalen risikerer dødsstraff. Dei tre er ein fruktseljar, ein høgskulelærar og ein med eit ukjent yrke.
Den fjerde er kona til frukthandlaren, og ho er altså funnen skuldig i ikkje å ha meldt frå til politiet om det mannen hennar var involvert i.
Dei fire vart arresterte i løpet av dei første dagane etter attentatet, ein i New Delhi og dei andre i den indiske delen av Kashmir.
Dommaren sa at angriparane hadde planar om å ta kontroll over nasjonalforsamlnga, og å drepe statsminister Atal Behari Vajpayee. Dei var væpna med gevær, granatar og bomber dei hadde festa til kroppen.