Hopp til innhold

– Syriske opprørarar plyndrar oss

Fleire titals tyrkiske lastebilsjåførar skuldar syriske opprørarar for å ha plyndra og brent bilane deira.

Tyrkiske lastebilar blei plyndra

PLYNDRA: Tyrkiske lastebileigarar henta laurdag lastebilane sine frå syrisk side av grensa, der dei blei plyndra og delvis brent då opprørarane erobra ein syrisk grensepost.

Foto: UMIT BEKTAS / Reuters

Fleire lasetbilar sto oppstilt ved den tyrkiske grenseposten Cilvegozu, då opprørarar frå Syrias frie hær (FSA) gjekk til åtak og erobra grenseposten Bab al-Hawa på syrisk side.

– Vi greidde så vidt å flykte då opprørssoldatane tok full kontroll over grenseposten, fortel lastebilsjåføren Hasan Abbasoglu.

Gjekk opp i flammer

Han fann lastebilen sin att på syrisk side av grensa, og fortel at han måtte betale drygt 4000 kroner i bestikkelsar for å få den tilbake.

– Vi slapp så vidt frå det med livet i behald, fortel han.

Ni lastebilar blei funne brent, medan 19 er levert tomme tilbake til dei tyrkiske eigarane. Andre står framleis på syrisk side av grensa.

LES OGSÅ: Frykt for kjemiske våpen i Syria

LES OGSÅ: Syrisk general flyktet til Tyrkia

Guvernøren i Hatay-provinsen sør i Tyrkia skuldar uavhenigge grupper for plyndringa, utan å namngi opprørarane direkte.

Islamist-opprørarar

Laurdag haddce FSA-opprørarane som erobra grenseposten frå regjeringsstyrkar, overlete kontrollen til om lag 150 andre opprørarar som omtalar seg sjølv som islamistar.

Nokre av islamist-opprørarane hevdar å tilhøyre al Qaida, medan andre seier dei høyrer til Taliban.

LES OGSÅ: Libyske hellige krigere drar til Syria

LES OGSÅ: – Al Qaida sto bak terror i Syria

Opprørarane er tungt væpna med automatvåken, rakettkastarar og miner, og fortel at dei kjem frå land som Algerie, Saudi-Arabia, Egypt, Tunisia, Tsjetsjenia, Dei foreinte arabiske emiratar og Frankrike.

Hevdar det var regimevenlege styrker

Leiaren for Det syriske nasjonalrådet (SNC), organisasjonen som prøvar å samle dei ulike kreftene som kjempar mot Assad, besøkte sjølv grenseposten og tok sterk avstand frå plyndringa av dei tyrkiske lastebilane.

– Uakseptabelt, sa Abdelbasset Sida, som hevdar at det var regimevenlege krefter som sto bak.

SISTE NYTT

Siste nytt