Hopp til innhold

Skuffande matmøte i Roma

Romamøtet denne veka var som toppmøte flest: Mange gode intensjonar i forkant, nær samanbrot undervegs, og ei lett skuffande og godt utvatna erklæring til slutt.

Kofi Annan, Josette Sheeran, Jacques Diouf og Lennart Dage

Kofi Annan, Josette Sheeran (WFP), Jacques Diouf (FAO) og Lennart Dage (IFAD) på matmøtet i Roma.

Foto: CHRISTOPHE SIMON / AFP

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Det hjelpte ikkje at FNs generalsekretær retta ei sterk oppmoding til å slutte rekkene og gå til konkret kamp for dei sveltande i verda. Straks festtalane var over, gjekk partane i forsvarsstilling - for eigen proteksjonisme og til åtak på alle andres.

Sjølv om alle er einige i målet - å halvere svolten i verda innan år 2015 - er det vanskeleg å få auge på den konkrete og forpliktande planen.

Det går an å forstå frustrasjonen til desse verdsleiarane og kjensla deira av maktløyse, som dei sikkert har. Romamøtet var planlagt for å drøfte energi og klimaendringar - og matmangel.

Matkrisa

Slik dei siste månadene har utvikla seg, måtte nesten matkrisa bli hovudsaka. Og dermed også nye mål settast. Samtidig må dei same leiarane innsjå at det blir enda vanskelegare å nå mål som dei alt har sett seg, som å halvere fattigdomen i verda innan år 2015. For matkrisa har bare gjort fattigdomen enda større og enda verre.

Prisen på mat i verda er dobla dei siste par åra. Nye millionar menneske er dytta over fattigdomsgrensa og inn i svolten. Mens landbruket i USA opplever gulltider og mat er blitt spekulasjonsobjekt på børsen, er det krise i dei landa som slutta å produsere sjølv og satsa på import den gongen prisen var lav og som nå ikkje har råd til å kjøpe.

Må importere mat

Avisa Washington Post bruker Mauritania som eksempel på den globale matfella: Landet må importere det meste av maten sin, men finn nå stengte dører der dei tidlegare kunne kjøpe. Der det er noe å kjøpe, blir Mauritania utkonkurrert av dei landa som framleis har råd til å importere sjølv om prisane går opp. Og som i tillegg hamstrar.

Men det er verre enn som så: Mauritania har slept dei europeiske fabrikkskipa til i havområda sine, så det blir lite att til lokale fiskarar. Og av det som kjem til lands, blir den beste fisken også sendt til Europa. Det som da blir igjen i landet, er dårleg og veldig dyrt. Slikt blir det uro av, og Mauritania er blant dei 20-tals afrikanske landa som er i den akutte krisa.

Fleire grunnar

Verdas Matprogram listar opp fleire grunnar til den vonde stoda: Oljeprisen naturlegvis, klimaendringar, landbrukssubsidiane i dei rike landa og den aukande middelklassen i land som Kina og India, som vil ha meir kjøt og kornmat. Gjennomsnittskinesaren, som åt 20 kilo kjøtt i 1985, et nå nesten tre gonger så mye.

Og endeleg er det all maten som går til drivstoff. Fem prosent av all kornproduksjon i verda går til å fylle etanol på amerikanske bilar. Det som var ein tilsynelatande glimrande ide som alternativ til fossilt drivstoff for få år sidan, har i staden skapt matmangel og heller ikkje vore spesielt effektivt i kampen mot klimagassane.

Mat må bli mat

Her var Romamøtet mest konkret: Mat må igjen bli mat, og anna biomasse - som lauv eller gras eller matavfall - må bli etanol. Det interessante er kor fort det teknologiske fokuset her er flytta den siste tida, og at USA igjen er i front. I løpet av eit par år kan andregenerasjonen av biodrivstoff vere storindustri.

Samtidig må hjelpa til dei fattige landa i sterkare grad rettast mot landbruket igjen. Givarane må gjøre meir for å hjelpe den afrikanske bonden med verktøy og såkorn, utstyr og kunnskap. Tida med matvarehjelp må vere forbi, som Kofi Annan sa i Roma.

God tale, og Romamøtet fekk lovnader om over 30 milliardar kroner til kampen for maten.

Dei er alltid rause i festtalane på slike møte.

SISTE NYTT

Siste nytt