Hopp til innhold

Skottland for dummies

Treng du ei oversikt av det historiske bakteppet for dagens val i Skottland? Er dei eigentleg eit eige land allereie? Kva forhold har Skottland til Storbritannia? I denne videoen får du svar.

Created by InfoDispatcher

I denne videoen, som er laga av britiske The Guardian gir deg ei kort og konsis innføring i Skottlands historie. «Skottland for ikkje-skottar» kallar dei videoen.

Skottland har sitt eige fotballag, sitt eige flagg, eit eige parlament og ei eiga statskyrkje. Likevel er det underlagt Storbritannia, i likskap med Wales, Nord Irland og England.

SJÅ URIX PÅ NRK2 2230, OG LÆR MEIR OM SKOTTLAND OG DAGENS VAL.

Korleis har Skottland hamna der dei er i dag, i ei folkeavstemming om sjølvstende frå Storbritannia. Her får du ei kort oversikt over landets veg fram til 18. september 2014.

TOPSHOTS-BRITAIN-SCOTLAND-INDEPENDENCE-VOTE

Sekkepipe og kilt er to av tinga folk flest forbind med Skottland. Den nordlege delen av Storbritannia har allereie sin eigen kultur, kan dei no også bli sitt eige land?

Foto: LESLEY MARTIN / Afp

Kva gjer Skottland til Skottland? Skottland har mange eigne kulturelle trekk som skil området frå andre. Sekkepiper, kilt med bar rumpe under og ei rekkje kjente forfattarar er med og skaper ein eigen skotsk identitet.

At landet også er medlem i FIFA og har eit eige landslag i fotball, samt to toppklubbar i Europa bidreg til å bygge opp kjensla av ein nasjon blant skottane.

Korleis hamna Skottland i union med England?: England og Skottland har lenge vore nært knytt til kvarandre, og sjølv om begge landa var uavhengige på 1600-talet, så var også leiarane av dei to landa nært knytte til kvarandre.

Så då Dronning Elizabeth den første av England døydde, så måtte ein leite eit lite stykke ut i arverekkja for å finne han som skulle ta over. Og arvtakaren vart Jakob IV av Skottland, som allereie var konge i Skottland. Han reiste til England, og vart konge, men tok også med seg jobben som skotsk konge.

I meir enn 100 år delte landa på kongen, men i 1707 vart Skottland ein del av England. Det skjedde på grunn av store økonomiske problem, som følger ev eit mislukka skotsk forsøk på å etablere ein koloni i Mellom-Amerika, kalla Caledonia.

No Thanks

Nokre har bestemt seg, medan andre vil vere i tvil fram til aller siste slutt. Bebuarane i denne bustaden heier på Storbritannia.

Foto: Johan E. Bull / NRK

Når fekk Skottland sitt eige parlament? Diskusjonen om korleis ein best kan sikre at skottar bestemmer over sitt eige område har pågått i mange tiår. I 1999 fekk diskusjonen eit utfall med at det skotske parlamentet vart etablert.

Parlamentet skal ha makt over alt frå næringsliv og utdanning til transport og jordbrukspolitikk. Storbritannia har framleis kontroll over utanrikspolitikk, makroøkonomi og forsvar.

Om det i kveld vert eit nei til sjølvstende, så har likevel skottane blitt lova ytterlegare sjølvstyre, så noko har det uansett kome ut av valkampen, sjølv om Skottland skulle bli verande eit eige land.

BRITAIN-SCOTLAND-INDEPENDENCE-VOTE

Den britiske avisa Daily Mirror ber skottane om å ikkje forlate Storbritannia. På framsida pryder det som kanskje kan kome til å bli Storbritannia sitt nye flagg om Skottlands blå bidrag forsvinn.

Foto: ADRIAN DENNIS / Afp

Kvifor er det i dag folkerøysting om sjølvstende? Opprettinga av parlamentet er strengt tatt ei av årsakene til at Skottland i dag røyster over sjølvstende. Fordi under valet i 2011 enda nasjonalistpartiet opp med fleirtal i det skotske parlamentet, og dermed måtte halde sitt valløfte om ei slik folkerøysting.

Den skotske nasjonalkjensla har vist seg å vere sterkare enn mange trudde, og difor er det i dag jamt mellom ja- og nei-blokka i timane før resultatet er klart.

Lurer du på korleis flagget til Storbritannia vil sjå ut, kvifor det ikkje er Nord-Irland og Wales som stemmer over sjølvstende, eller om Skottland kan stå på eigne bein økonomisk. NRK.no har spurt Storbritannia-ekspert Øivind Bratberg desse og fleire andre spørsmål.

SISTE NYTT

Siste nytt