Skopelos ein turistmaskin? – Ikkje tale om!

Den greske øyidyllen Skopelos vart verdskjend etter at den første Mamma Mia-filmen vart spelt inn der. – Eg er overraska over at øya faktisk er så lite påverka av suksessfilmen, seier norske Nana Kobro.

Nana Kobro.

Nana Kobro (67) og mora Kate Kobro (90) er lukkelege pensjonistar og bur på Skopelos heile året.

Foto: Privat

Nana Kobro har budd fast på Skopelos sidan 1983. Ho kjenner øya og innbyggjarane godt, og ho kan med handa på hjartet slå fast at den vesle øya langt frå er ein turistmaskin.

Det har vore påstandar i blant anna britisk presse , også brakt vidare av NRK, om at Mamma Mia-suksessen har ført til hordar av turistar til øya, og at prisane har stige så kraftig at dei lokale ikkje har råd til å bu der lenger.

– Har endra seg lite

Panormos-stranda på Skopelos.

Panormos, ei av dei mange idylliske strendene på Skopelos.

Foto: Nana Kobro

– Eg er faktisk overraska over at Skopelos har endra seg så lite. Prisane har gått opp her også, men ikkje meir enn andre stader i Hellas etter den økonomiske krisa. Prisane på hus har faktisk gått ned. Eg har heller ikkje registrert nokon stor auke i talet på turistar, seier Nana Kobro til NRK.

Ho fall pladask for øya då ho kom hit tidleg på 1980-talet, og ho bestemte seg etter kvart for at det var her ho ville bu.

– Dette er ei herleg øy, og her møter du som utlending også dei lokale innbyggjarane. Det er vakkert her med mange flotte strender. Skopelos er grøn og frodig og har masse naturleg vatn. Maten du får kjøpt på tavernaene her er av veldig godt kvalitet, og tavernaene er opne heile året, seier den no pensjonerte reiseleiaren.

Hamna i Skopelos by.

Skopelos by er den største og viktigaste byen på Skopelos.

Foto: Nana Kobro
Båttur Skopelos.

Det er mange slike idyllar på Skopelos.

Foto: Nana Kobro.

Norsk miljø

Skopelos.

Skopelos er ei grøn og frodig øy.

Foto: Nana Kobro

Nana Kobro fortel at det er fire fastbuande nordmenn på øya, inkludert henne sjølv og den 90 år gamle mor hennar. 12 nordmenn har kjøpt seg hus der, og dei som ikkje bur her fast er her fleire gonger i året.

– Skopelos har aldri marknadsført seg som Mamma Mia-øya, medan naboøya Skiathos, der også flyplassen er, har i mykje større grad brukt Abba-filmen. Dette sjølv om det berre var ein liten sekvens i filmen som var innspelt der, seier ho.

For å kome til Skopelos må ein ta båt frå Skiathos eller bilferje frå fastlandet.Om sommaren er det også ei båtrute frå storbyenTessaloniki.

Pierce Brosnan og Meryl Streep.

Kjendisar som Pierce Brosnan og Meryl Streep sette sitt preg på Skopelos under innspelinga av den første Mamma Mia-filmen, men seinare har filmen i liten grad prega øya, fortel nordmenn på øya.

Foto: Wolfgang Rattay / Reuters

Mamma Mia

– Det var veldig artig under innspelinga av Mamma Mia i 2008. Det var artig å møte superkjendisar som Meryl Streep og Pierce Brosnan i gatene, og det var mykje liv og røre her då. Men etterpå har ikkje øya vore mykje prega av filmen, seier Nana Kobro.

Ho får støtte frå andre nordmenn som har øya som sin andre heimstad.

– Eg kan vere med på å kalle greske øyer som Santorini, Mykonos, Kreta eller Rhodos for turistmaskinar. Skopelos er langt unna dette, seier ein mann som har hus på øya til NRK. Han viser til statistikk som fortel at prisnivået på øya er berre halvparten så høgt som i til dømes Santorini.

Laster kart, vennligst vent...

SISTE NYTT

Siste nytt