NRK Meny
Normal

Skjebneval for Catalonia

– Catalonia må bli ein eigen stat, seier presidenten i Catalonia til NRK. Dagen i dag kan vere avgjerande for om kampen om sjølvstende blir sett til livs.

– Catalonia må bli ein eigen stat, seier presidenten i Catalonia til NRK. Dagen i dag kan vere avgjerande for om kampen om sjølvstende blir sett til livs.

I september demonstrerte 1,5 millionar katalanere for uavhengigheit frå Spania. Nå vil presidenten i regionen be om folkeavstemming om spørsmålet dersom han vinnar valet med klart fleirtal.

Hege Moe Eriksen i Catalonia
Foto: NRK

Over heile Catalonia har folkerørsla for sjølvstende mykje edvind. Aldri har så mange ønska lausriving frå Spania, ifølgje meiningsmålingar.

Søndag går katalanerne til valurnene for å stemme fram ein ny regionsforsamling

– Spania respekterer ikkje ønsket til det katalanske folk

President i Catalonia, Artur Mas, har varsla at han vil gjennomføre folkeavstemming om sjølvstende frå Spania dersom han vinn valet i Catalonia med klart fleirtal.

– Min intensjon er å gjennomføre folkeavstemminga, seier han til NRK, og held fram:

– Vi har kome til den konklusjonen at dersom Catalonia ikkje blir ein eigen stat, er det umogleg å få meir sjølvstyre, held han fram.

– Vi har gjort vårt for å bidra til at Spania blir meir demokratisk, meir europeisk og meir moderne. Og vi har oppdaga at dette Spania som vi har prøvd å hjelpe, ikkje respekterer ønsket til det katalanske folk.

Økonomien er avgjerande

Regionen ønskjer å handtere eigne skattar, og dei meiner dei over lang tid har bidratt for mykje til Spania og sit att med lite, spesielt samanlikna med dei fattige regionane.

Separatistane meiner regionen betalar for mykje til felleskassa, og hevdar katalanarar tapar 16 milliardar euro i året.

Den økonomiske krisa har pressa fram ønsket om sjølvstende.

Den katalanske økonomien utgjer ein femtedel av spansk økonomi. Regionen blir ofte kalla Spanias fabrikk, med hamnar, industri og bankar som er god butikk for landet.

Symbolsk opprør mot Spania

Den katalanske nasjonalismen har lange røter. Men det har dreidd seg mest om kampen for eigen kultur og eige språk.

Det er det katalanske flagget som vaiar over den vesle byen Monistrol ved foten av Montserrat-fjellet i Barcelona. Ordførar Joan Miguel Rodriguez har erklært byen for sjølvstendig territorium av Catalonia, i eit symbolsk opprør mot Spania. Nær 180 byar har gjort det same.

– Vi er forskjellige. Vi ønskjer moglegheita til å vere katalanarar, og berre katalanarar, seier han til NRK.

Kravet står sterkt i folket

Ordførar i Monistrol, Joan Miguel Rodriguez.

Ordførar i Monistrol, Joan Miguel Rodriguez.

Foto: NRK
Joan Baptista Culla

Historikar Joan Baptista Culla.

Foto: NRK

Joan Baptista Culla i Clará er historikar, og knyt kravet om folkeavstemming til demonstrasjonen i Barcelona 11. september i år. Då gjekk 1,5 millionar ut i gatene i Barcelona.

Han skildrar det som ein demonstrasjon ein aldri har sett maken til, og som endra heile den politiske situasjonen i Catalonia.

– Politikarane blei fullstendig tatt på senga av styrka og omfanget av demonstrasjonen, seier han og held fram:

– Det er ei rørsle som går nedanfrå og opp. Den spring ut av grasrota, av folket, og som politikarane såg seg nøydde til å ta vidare, seier han.

– Ikkje avhengige av Spania

– Aldri har kravet om sjølvstende stått så sterkt i folket, og eg trur det vil vere umogleg å reversere det.

– Fram til nyleg var Spania den viktigaste marknaden for Catalonia, seier historikaren, som meiner dette ikkje lengre gjeld.

– Alle katalanske produkt var avhengige av det spanske marknaden, men det er ikkje lengre tilfelle. Mykje av den katalanske eksporten går no andre stader i verda, slik at Catalonia i mykje mindre grad er avhengig av Spania, seier Culla.

Kjelder seier til NRK at president Artur Mas fram til demonstrasjonen i september aldri hadde snakka om å gjennomføre ei folkeavstemming.

Men folkemengdene som skreik etter sjølvstende 11. september, endra den politiske dagsordenen, og Artur Mas såg seg nøydd til å kalle til nyval med løfte om ei folkeavstemming om lausriving frå Spania.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt