Hopp til innhold

Fare for oljelekkasje etter kollisjon ved Hirtshals

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Tørrlasteskipet «Cleantec» fekk ei stor revne då det kolliderte med ein konteinerbåt vest for Hirtshals måndag morgon. Skipet inneheld store mengder tungolje.

Den 7 meter lange revna i sida på tørrlasteskipet fører til at det 180 meter lange skipet tek inn vann, og det er fare for at skipet kan søkka.

Ifølgje danske tv2nord er det 1.000 tonn tungolje om bord på Cleantec, i tillegg til lasta på 30.000 tonn gjødsel.

– Evakuering avblåst

Kollisjonen skal ha skjedd i 6.30-tida måndag morgon. Dei to skipa støtte saman 20 nautiske mil vest for Hirtshals, ei kort sjøreise frå Kristiansand.

Begge sigla mot nordaust då det tyske konteinerskipet, Frisia Rotterdam, passerte bulkcarrieren Cleantec frå Hong Kong. Cleantec har no slagside, men ligg stabilt.

Den 24 mann store besetninga hadde kledd seg i redningsdraktar, og redningsmannskap stod klare til å evakuera dei om det skulle bli nødvendig.

Ifølgje Ekstra Bladet er ein evakueringsplan som involverte helikopter og redningsbåtar no avblåst av Cleantec-kapteinen. Lasteskipet får i staden slepehjelp inn til hamna ved Skagen.

– Fare for utslepp

Søvernets operative kommando (SOK) i Århus har hatt kontakt med kapteinen om bord på Cleantec, og opplyser at det på noverande tidspunkt ikkje er fare for at skipet som er lekk vil søkka.

– Førebels er det ikkje fare for at liv skal gå tapt eller at skipet vil begynna å søkka. Når det gjeld eventuelle utslepp, har me ikkje oversikt enno, opplyser stabsvakt Verner Dam ved SOK.

– Men me kan ikkje utelukka ein lekkasje, legg han til.

Miljøskip på veg

Konteinerbåten Frisia Rotterdam var på veg frå Århus til den tyske hamnebyen Bremerhaven då ulukka skjedde. Den kom frå kollisjonen med mindre bulkar i stamnen, opplyser SOK til Ekstra Bladet.

Miljøskipa Mette Miljø og Marie Miljø er i området. I tillegg er eit redningshelikopter i beredskap i Ålborg.

– Me jobbar med å kartlegga situasjonen, seier stabsvakt Dam.

SISTE NYTT

Siste nytt