Hinckley vart tvangsinnlagt på sjukehuset St. Elizabeth i Washington etter attentatforsøket. Under rettssaka vart 56-åringen frifunnen fordi han vart erklært sinnssjuk i gjerningsaugneblinken.
Både Reagan, pressesekretær hans James Brady og to andre vart såra då Hinckley gjekk til angrep. Reagan vart alvorleg såra, men kom seg igjen. Brady fekk derimot ein hjerneskade og kom aldri tilbake til jobben i Det kvite hus.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Vil flytte til mora
Styresmaktene har oppfordra det psykiatriske sjukehuset om ikkje å lauslate Hinckley, ifølge CNN, fordi det er grunn til å tru at valden kan bli gjenteken.
Sjukehuset vil likevel at Hinckley skal bu i nærleiken av sin 85 år gamle mor i Virginia. Hinckley har ved fleire høve vore på besøk hos ho dei siste åra.
Dersom han blir slept fri må hå han bu seg på å ha ein GPS-sendar festa til kroppen til ein kvar tid.
Oppslukt av Jodie Foster
John Hinckley droppa tidleg ut av universitetet, og starta og reise rundt i USA med familien sine pengar. Den 31. mars 1981 stod han utanfor Hilton-hotellet i Washington, DC, der han skaut presidenten då han kom ut.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Det vart seinare funne eit brev på hotellrommet Hinckley hadde budd på. Der var retta til borneskodespelaren Jodie Foster, som han var oppslukt av.
– Det er ein sjanse for at eg vil bli drepen i forsøket mitt på å ta Reagan, skreiv han.
Vidare skreiv han at grunnen til drapsforsøket var at han ville vinne hjarta til Jodie Foster. Foster sa seinare at ho ikkje hadde ein aning om kven Hinckley var.
Saka skal bli drøfta i ein rekkje høyringar som startar 28. november.