Hopp til innhold

Skaut afroamerikanar i ryggen – no er politimannen frikjend

Strafferamma var dødsstraff, men dei to politimennene som i 2020 arresterte og drap afroamerikanske Rayshard Brooks er no frikjend.

Politimannen Garrett Rolfe og avdøde Rayshard Brooks

KONFRONTASJON: Politibetjenten Garrett Rolfe skaut og drap Rayshard Brooks på ein parkeringsplass i 2020, no er han frikjend.

Foto: ATLANTA PD

Rayshard Brooks vart skoten og drepen av politiet utanfor ein restaurant i Atlanta 12. juni 2020. Den 27 år gamle mannen sat og sov i bilen og blokkerte ein «drive-thru». Politiet banka på vindauget og bad om ein alkotest.

Brooks stakk av då dei to politibetjentane prøvde å setje han i handjern og arrestere han for fyllekøyring.

Overvakingskamera på parkeringsplassen viser at 27-åringen tek med seg elektrosjokkvåpenet til politiet og spring unna.

Garrett Rolfe, den eine av dei to betjentane på staden skyt den flyktande mannen i ryggen to gonger.

Protestar

Drapet av den afroamerikanske Rayshard Brooks skjedde berre veker etter at George Floyd døydde under ein arrestasjon.

Begge desse drapa førte til enorme protestar mot rasisme i politiet. I Atlanta vart restauranten kvar politidrapet tok stad tent på av demonstrantar. Over heile USA og i fleire andre land tok tusen til gatene.

Protester i Atlanta

Folk protesterte mot rasisme i politiet etter at afroamerikanarane George Floyd og Rayshard Brooks i 2020 bole drepe av politiet.

Foto: Ben Gray / AP

Fleire av politimennene involvert i drap av afroamerikanarar vart i etterkant stilt for retten. Betjent Derek Chauvin må sone 21 år i fengsel etter at han vart kjend skuldig i å ha forårsaka døden til George Floyd.

Kunne ha vorte dømt til døden

Drapet av den 27 år gamle Rayshard Brooks fekk politiske konsekvensar. Politisjefen i Atlanta Erika Shields måtte trekkje seg på grunn av måten ho handterte denne saka.

Politibetjent Garrett Rolfe skjøt og drepte Rayshard Brooks i juni 2020

Strafferamma for Rolfes brotsverk var dødsstraff. I går kveld vart han frikjend.

Foto: ATLANTA PD / Reuters

Dei to politibetjentane involverte i drapet av småbarnsfaren Brooks vart permitterte frå jobben og begge sikta. Garrett Rolfe for drap. Devin Brosnan for brot på politiløftet.

Han lét mellom anna vere å ringje etter ambulanse etter at Brooks vart skoten. Strafferamma for Rolfes brotsverk var dødsstraff. I går kveld vart han frikjend.

Eit drapsvåpen

Grunnen til at Rolfe er frikjent er at elektrosjokkvåpenet som Rayshard Brooks rappa av politiet vart rekna som eit drapsvåpen i retten. Politiet hadde dermed grunn til å frykte at dei kunne bli angripne og drepne av han og måtte handle i nødverje.

– Gitt den raskt skiftande situasjonen, var det fornuftig at han (Rolfe) skulle bruke dødeleg makt? Vi har konkludert med at det var fornuftig. Det sa Peter Skandalakis direktøren ved kontoret til statsadvokaten i delstaten Georgia.

Blomster og protest utenfor den nedbrente restauranten hvor Rayshard Brooks ble drept

– Eg forstår at møte mellom politiet og afroamerikanarar av og til er vanskelege, men eg vil at folk skal sjå på fakta i denne saka, og dette er ikkje ei slik sak, seier sjefen for Statsadvokatens kontor i Georgia.

Foto: CHANDAN KHANNA / AFP

Black lives matter

Statsadvokaten i Georgia meiner at denne saka ikkje handlar om rasisme i politiet.

– Svarte liv betyr noko, sa Skandalakis i samband med frifinninga av dei to politibetjentane.

– Eg forstår at møte mellom politiet og afroamerikanarar av og til er vanskelege, men eg vil at folk skal sjå på fakta i denne saka, og dette er ikkje ei slik sak.

Skandalakis hevdar at politiet lét tvilen kjem Rayshard Brooks til gode og skaut først då dei måtte, etter først har prøvd andre metodar.

Police Shooting Atlanta

Advokatane til Brooks vil prøve saka framfor ein jury i ei sivil rettssak.

Foto: Miguel Martinez / AP

– Retten ikkje fargeblind

På ein pressekonferanse tysdag kveld sa Brooks' advokatar at dei vil prøve saka i ei sivil rettssak.

– Det er den einaste staden der vi kan få ein rettferdig dom, sa forsvarsadvokat L. Chris Stewart.

Presidenten for Georgias avdeling for borgarrettsorganisasjonen NAACP, Gerald Griggs skriv at saka bør prøvast framfor ein jury.

«Juryar eksisterer slik at vi kan vere sikre på at retten er fargeblind. I dag var ikkje retten fargeblind. Det var heller ikkje dei to betjentane som arresterte Rayshard Brooks.»

Griggs skriv også at saka mot dei to politibetjentane ikkje burde ha vore prøvde av tidlegare politimenn, men av folkejury.

SISTE NYTT

Siste nytt