Hopp til innhold

Skatteparadiset som står for fall?

Miniputten Luxembourg kan ha dumma seg ut. Avsløringar om gunstige skatteavtaler med firma som Pepsi og IKEA er ikkje godt nytt for det vesle landet - eller landets tidlegare leiar.

LUXEMBOURG-TAX/ File photo of a Luxembourg road sign at the border between Belgium and Luxembourg

Det er grå skyer over Luxembourg om dagen. Skuldingar om skattesnusk er ikkje populært i EU.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

LUXEMBOURG-TAX/ File photo of Luxembourg's then-Prime Minister Juncker attending a news conference at the end of a European Union leaders summit in Brussels

Tidlegare statsminister i Luxembourg vart leiar av EU-kommisjonen denne veka. No ventar mange på at han skal svare for seg. Han var leiar av landet då mange av dei påståtte avtalane skal ha blitt ingått.

Foto: YVES HERMAN / Reuters
LUXEMBOURG-TAX/ File photo of a general view of the city of Luxembourg

Det vesle landet, Luxembourg, ligg i hjartet av EU. Landet har lenge vore skulda for å ha for gunstige skatteavtaler.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

Den ferske leiaren for Europakommisjonen, Jean Claude Juncker, fekk knapt fått varma opp sin nye kontorstol, før han måtte svare for seg. Dei omstridde skattereglane som no blir rulla opp i Luxembourg kom nemleg under hans 19 år lange regime som regjeringssjef i Luxembourg.

Luxembourg har vore på svarteliste

Mange forstå-seg-påarar meiner at Juncker må ta sin hatt og gå, allereie den same veka som han vart kommisjonens leiar.

– Truverdet til Jean-Claude Juncker heng i ein tynn tråd. Han må vise kva side han er på. Er han på det europeiske folk si side, eller støtter han skattesnytarane, seier den italienske sosialisten og EU-politikaren Gianni Pittella, ifølgje DPA.

Luxembourg vart i 2009 ført opp på G20-landa si svarteliste over land som er i ei gråsone, kva gjeld skattesnusk. Ein av dei fremste kritikar – Pinlig for EU-sjefen ane til denne svartelista var, nettopp Jean-Claude Juncker.

– G20 har ikkje noko kredibilitet, sa han, og viste til at USA også burde stå på lista sidan statar, som til dømes Delaware, har særs gunstige skatteordningar.

Luxembourg vart seinare, same år, fjerna att frå lista. Fleire land, som tidlegare er kjent som skatteparadis, skal ha skrive under på internasjonale avtaler, som har fått dei bort frå svartelistene.

Blant europeiske land har Andorra, Liechtenstein og Monaco tidlegare vore førte opp på listene, men er no fjerna etter å ha oppfylt krava som avtalen inneheld. Også britiske øyer som Guernsey og Isle of Man har vore kjente for gunstige skatteordningar.

Luxembourg: – Ikkje gjort noko gale

Men no ser det altså ut til at eit av landa som er fjerna frå listene likevel ikkje hadde reint mjøl i posen. Kjente bedrifter som Pepsi, IKEA og Deutsche Bank er blant dei som skal ha inngått skatteavtaler med Luxembourg, og kanalisert milliardar av dollar gjennom det vesle landet.

I dag velte tidlegare statsminister Juncker å trekke seg frå ein planlagd EU-debatt. Hans talsmann hevda det var på grunn av at hans motdebattant hadde blitt sjuk. Dei frammøtte journalistane viste stor misnøye då dei ikkje fekk stille sine planlagde spørsmål.

Styresmaktene i Luxembourg har nekta for at dei gjer noko gale, og finansministeren meiner landets skattesystem føyer seg etter «nasjonale, europeiske og internasjonale lovar».

– Luxembourg meiner det ikkje er akseptabelt at eit selskap omgår internasjonale lovar for å unngå å betale skatt, seier finansminister i Luxembourg, Pierre Gramenga.

Vert forsvara av Irland

Luxembourg er eit av tre land som vert undersøkt av EU, fordi det er mistanke om at ulike selskap har betalt for lite i skatt. I Irland er det Apple som vert mistenkt for å ha betalt for lite, medan det i Nederland er Starbucks, og i Luxembourg vert Fiat Finance og Amazon undersøkt.

Onsdag denne veka sa Juncker at han ikkje skal blande seg i dei undersøkingane som no vert gjort av EU-kommisjonen, som han altså er leiar for.

Luxembourg har møtt mykje kritikk det siste døgnet, men litt støtte har dei også fått frå Irland, som altså er eit av dei andre landa som vert følgt ekstra nøye opp av EU-kommisjonen.

– Ulike land har ulike skattesystem, seier den irske finansministeren Michael Noonan, som la til at det ikkje er nokon som har sagt at noko ulovleg har skjedd i Luxembourg.

ICIJ, gruppa som i går publiserte dokumenta som viser dei gunstige skatteordningane i Luxembourg, har ikkje teke til orde for at avtalane er ulovlege, men peiker til at avtalane er meint for å gi gunstige skatteavtaler til dei aktuelle firma.

SISTE NYTT

Siste nytt